Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Nov 2014

Kurdarane
Lørdag 29.

Samuel Steinman
Torsdag 27.

Palestinsk kulturmønstring no
Onsdag 19.

Finnmark litteraturfestival
Mandag 10.

Norsk lys og skugge
Lørdag 8.

William Blake - i Skien
Mandag 3.

By og bygd i Vestfold
Lørdag 1.

Lørdag 8. November 2014

Norsk lys og skugge

Kva ser vi i grunnen overalt, og kva ser vi unntaksvis? Dette er eit evig interessant tema. Følgjande diktnotat basert på kva auget ser, høyrer med i ein diktarleg heilskap som Eva Jensen har produsert for året 2014:

SETT FRÅ SVOLVÆR

Høge felt av lys reiser seg.
Så kjem uveret som ein mørk vegg
av grått med noko blått i seg, og deler verda i to.


Bussen går.
Bakaren tar seg
femminutt på fortauet
i kvit lue og forkle.


Dette står midt i ei bok. Av dei tre avdelingane i Eva Jensens nye diktverk Vidareutdanning i lys og skugge er det midtpartiet, som også er størst, som er mest avgjort og mest personleg og samtidig mest uvilkårleg vellykka for eit breitt publikum, vil eg tru.

Ja, midtpartiet er ei lyrisk reiseskildring på konkrete namngjevne stader. Det minner både om TVprogrammet «Minutt for minutt», som gav igjen Hurtigruta si reise i 5 ½ døgn med alt det førte med seg, og det minner om Aasmund Olavsson Vinjes verk utløyst til abonnentane av vekeavisa Dølen, verket som blei døypt Reiseminne frå sumaren 1960 og spanderte både prosa og dikt frå ei lang reise til fots opp til kroninga i Trondheim.

Eva Jensens reisereferat startar frå Troms, frå landsdelen som ho personleg stammar frå (nærmare bestemt Salangen) og har budd i periodar seinare. Senja er første diktstopp, deretter «Troms» tatt frå hurtigruta MS «Midnatsol», dernest møte med Andøya, så lenger sør til Svolvær og Lofoten, mange stopp i vekselsvis prosa og poesi. Refleksjon over aldring og utvikling er viktig. Dessutan er boka raskt innom ein internasjonal flyplass og tog. Reisereferata tar med seg begge byane Trondheim og Bergen i same slengen, langs kysten.

Viktige nedslag er gjensyn med gamle trakter og bruk av uttrykket «arbeidsreiser», noko som minner oss på at forfattaren er i arbeid som forfattar. Lett spring planen over til London og Bologna og tilbake til heimland og heimkomst. I Bologna blir det vist til at synet ser vinklar og flater, og det same gjorde jo synet i Troms og i Lofoten. Eg tenkte under lesinga her på den (iallfall tidlegare) undervurderte norske målaren Peder Balke fødd i dansketida, han som vi såg ei strålande utstilling av i Nordnorsk kunstmuseum (denne sommaren), kunstmuseet i Tromsø.

Prosaen frå enkelte stader som boka skildrar, blir sterkt farga av forfattaren sine opplevingar der, noko som er naturleg og fint, til dømes er det mykje liv knytta til byane Bodø og Bergen. Lesaren spør seg kanskje kvifor ikkje Finnmark er med i boka. Eg hadde gjerne sett Finnmark vore med på dette. Kvifor er korkje Alta eller Hammerfest eller Berlevåg eller Kirkenes valde? I Finnmark er det ofte både flyplass og hurtigrute. Om ein da skal tenkje på boka sin komposisjon og det diktarlege arbeidet.

Diktarsitat som lesaren får servert undervegs i teksten er dei eldre norske, Uppdal og Duun og Petter Dass, samt dei internasjonale kvinnelege som Tove Janson, Wirginia Wolf og Marguerite Duras, og samt norske avantgardist Sissel Bjugn og skrivegründeren og essaymeisteren Montaigne.

Apropos essay så er «Del I» av Vidareutdanning i lys og skugge essayistisk i skiftingane, medan mellom anna slektstema her bind boka saman. Og «Del III» er til dels ein refleksjon over heimstad og alderdom, i tillegg til nye slektsmotiv.



Faktaboks
Forfattaren Eva Jensen skriv bøker i alle sjangre, blir det opplyst; og det er sant: lyrikk, romanar, ungdomsromanar, barnebøker og billedbøker. Og ho har gjendikta den amerikanske arbeidarpoeten Carl Sandburg, den store poeten Carl Sandburg.