Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Nov 2014

Kurdarane
Lørdag 29.

Samuel Steinman
Torsdag 27.

Palestinsk kulturmønstring no
Onsdag 19.

Finnmark litteraturfestival
Mandag 10.

Norsk lys og skugge
Lørdag 8.

William Blake - i Skien
Mandag 3.

By og bygd i Vestfold
Lørdag 1.

Lørdag 1. November 2014

By og bygd i Vestfold

No kjem november. Den omfattande «litteraturveka i Vestfold» er i gang på/frå måndag, i Vestfolds byar og bygder. Alt på tirsdag kan vi (til dømes) møte lyrikk-kometen Yahya Hassan på Tønsberg og Nøtterøy bibliotek. Her er eit omfattande program med mange val for heile veka i Vestfold.

Det er korte distansar mellom stadene i det vesle fylket Vestfold, men likevel stort mangfald og ulik kultur, også i dei største - men geografisk nære - byane. Og tilbodet er stort i litteraturveka.

Utanom byane er desse stadene med: Re, Melsomvik, Hof, Andebu, Tjøme, Sande, Stokke, Lardal, Bakketeigen, Åsgården pluss Berg fengsel.

Så: Av lyrikk på programmet kan nemnast: Margaret Skjelbreds sonettar (tirs.), fagseminar om lyrikk (ons.), poetane Margaret Skjelbred og Steinar Opstad (ons.), «festkveld for Triztan» (tors.), Prøysen-kabaret (fre.), Edvard Hoems salmar (fre.), «Prøysen for to» (laur.).

Om Yahya Hassan.



Ps 4/11:

Margaret Skjelbred, som er i elden i dag og i morgon (i morgon delvis saman med den andre Vestfold-lyrikaren Steinar Opstad), ho debuterte i 1983 som lyrikar med versa Det er aleine du er. Etter titteldiktet aller først i boka, kjem diktet «Hvem var’e?»:

Hvem var’e som fant opp langkosten, tru?
Det var vel ei kjerring med sju-åtte ongær
som møkka seg te så det reint var ei gru,
mens kjerringa vifta med kosten og trua:
«Ja, nå blir’e juling og kakebu
på alle sju!»
Så blei’o vel lei å ha bakenden opp,
Så sa’o vel «Stopp!»
og så fant’o vel opp
- langkosten.

Hvem var’e som fant opp papirbleier, tru?
Det var vel en mann med ei kvinnesakskjerring.
Han sto der i skittbleier oppover øra,
mens kjerringa snudde og vinka i døra:
«Nå går jeg på kvinnesaksmøte jeg, du,
Og husk på at Kim skal ha mat klokka sju,
kjæreste du.»
Så blei’n vel lei a å henge i stropp,
så sa’n vel «Stopp»
og så fant’n vel opp
- papirbleier.