Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Okt 2014

Veksling
Onsdag 29.

Den norske Nobelkomitéen
Mandag 20.

Zebra poesifilm
Torsdag 16.

Alle blad har mist sitt tre
Onsdag 15.

Jazzpoetfeiring
Tirsdag 14.

Kompisar, venner
Søndag 5.

Sett i forbifarten
Lørdag 4.

Øyvind Berg på Ordkalotten
Torsdag 2.

Mandag 20. Oktober 2014

Den norske Nobelkomitéen

Den norske Nobelkomitéen har gjeve delt pris, gjeve prisen for 2014 delt mellom ein indar (hindu) og ein pakistanar (muslim), noko som jamnt over har falle heldig ut for mottakinga rundt om i verda. Og begge to vinnarane er fine folk, tykkjer eg, med solid integritet og stort mot. Spenninga hos meg knyter seg no til kva komitéleiar Torbjørn Jagland - som samstundes leier Europarådet - vil seie til Malala når ho får prisen delt ut her i Oslo seinare i haust. Tør han forklåre for heile verda at ho er spesielt kvalifisert til å få ein pris i Alfred Nobels ånd?

Eg tenkjer på at Malala sa til president Barak Obama at ho misliker amerikansk bombing med droner i Pakistan. Men har så Torbjørn Jagland mot til å ta i kva ho meiner om droner sende til landet sitt? Eg håper det, og eg ber Jagland om å fortelje også kva ho meiner om dronebombinga, seie det ifrå nobelkomitéens talarstol, slik at vi alle her i landet kan få ære av det, bruke det (om ikkje før) den 10. desember.

I Alfred Nobels ånd

Malala ville ikkje ha
dronebombinga
i landet sitt.
Og sa den norske komitéen
nokonting om det?