Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Okt 2014

Veksling
Onsdag 29.

Den norske Nobelkomitéen
Mandag 20.

Zebra poesifilm
Torsdag 16.

Alle blad har mist sitt tre
Onsdag 15.

Jazzpoetfeiring
Tirsdag 14.

Kompisar, venner
Søndag 5.

Sett i forbifarten
Lørdag 4.

Øyvind Berg på Ordkalotten
Torsdag 2.

Torsdag 16. Oktober 2014

Zebra poesifilm

Rundt i verda skjer det også noko. Denne dagen opnar Zebra Poetry Film Festival i Berlin, der Øyvind Rimbereid er med på opninga. Ikkje berre Rimbereid er med på festivalen frå Noreg. Ja, faktisk er det 14 år sidan mikroforlaget Gasspedal blei starta i Bergen; her er ei tidleg uavhengig rapportering. Og Zebra-festivalen no i Berlin løftar - slik Gasspedal sjølv ser det i ei fyldig pressemelding - fram Gasspedal sine produserte poesifilmar. Og dette håper vi alle skjer.

Blant dei Gasspedal-assosierte deltakarane på festivalen i Berlin finn ein forutan nemnde Øyvind Rimbereid: Annelie Axén, Harald Fogner, Simen Hagerup, Arve Kleiva, Audun Lindholm og Kristian Pedersen.

Her er så lenke, tatt frå pressemeldinga, til noko eg samla kan kalle «gasspedalanimert» .


***
For å gjere Gasspedal ei teneste er det gjeve ut i papirbok: 200 sider «katalogisert», med føreord av Annelie Axén og med blant anna ein opplysande samtale mellom Annelie Axén og kara Simen Hagerup, Audun Lindholm og Kristian Pedersen. Dette blei ein god 17 siders samtale som gjekk føre seg i Berlin 8.februar 2014 om Gasspedal-filmane.



Ps 21/11-2014:

Enda fleire norske var med i Berlin på Zebra poesifilm, nemleg ein Ottar Ormstad, som kanskje driv med litt anna enn Gasspedal-folka. Men det ryktast at det er forståing der.