Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Okt 2014

Veksling
Onsdag 29.

Den norske Nobelkomitéen
Mandag 20.

Zebra poesifilm
Torsdag 16.

Alle blad har mist sitt tre
Onsdag 15.

Jazzpoetfeiring
Tirsdag 14.

Kompisar, venner
Søndag 5.

Sett i forbifarten
Lørdag 4.

Øyvind Berg på Ordkalotten
Torsdag 2.

Tirsdag 14. Oktober 2014

Jazzpoetfeiring

No kan ein høyre Jazz-Jan Erik Vold i gang igjen på turné med poesien sin for å feire bursdag 75 år. Han reiser med Egil Kapstad (piano), Roy Nikolaisen (trompet) og Terje Venaas (bass) til:

17. okt – Victoria jazzscene, Oslo
21. okt – Kilden, Kristiansand
23. okt – Festiviteten, Haugesund
24. okt – USF Sardinen, Bergen
25. okt – Spor 5, Stavanger

Både bokutgjeving og 6CD-boks følgjer med.



Ps 17/10, slik det er:

Frå det lokale biblioteket fekk eg i dag melding om at Vold’s Voice var komme, slik at eg straks berre kunne hente denne nye diktboka, usedvanleg hurtig ordna var det i biblioteksamanheng! Hadde ikkje venta denne. Jan Erik Vold er forresten blitt ekstra godt motteke i Kragerø etter at han først hadde eit klokt foredrag her om Teodor Kittelsen og seinare den same haustkvelden tok eit samspel på sparket – på scenen – med vår lokale Bob Dylan-trubadur Kim Eikenes i ei setting som dreide seg om noko anna, slampoesi.

Vel, tekstane i Vold’s Voice har vore framførte på plate/i radio/på konsert heilt sidan Jan Erik Volds samarbeid med musikarar starta i slutten av 1960-åra. Boka består både av Vold med musikk - og dette er mykje det - og Volds favorittar ditto. Ikkje minst møter ein i boka dei amerikanske poetane Robert Creeley, Bob Dylan, Frank O’Hara og Wallace Stevens, poetar som Vold gjendikta til norsk. Alt i alt ei bok på 500 sider blei det.

Så på konsert-turnéen som startar i dag, jfr lista over, har han mykje å velje mellom. Og Vold syng jo godt også utan musikkinstrument til. Også det synte han oss i Kragerø.

Nettstaden gratulerer med 75årsdagen i morgon!