Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Okt 2014

Veksling
Onsdag 29.

Den norske Nobelkomitéen
Mandag 20.

Zebra poesifilm
Torsdag 16.

Alle blad har mist sitt tre
Onsdag 15.

Jazzpoetfeiring
Tirsdag 14.

Kompisar, venner
Søndag 5.

Sett i forbifarten
Lørdag 4.

Øyvind Berg på Ordkalotten
Torsdag 2.

Søndag 5. Oktober 2014

Kompisar, venner

Av og til blir ein svært glad og positivt overraska. Her er eit aktuelt døme. Frå før kjenner vi litteratursymposiet i Odda som noko for seg sjølv med fint utgangspunkt i proletært fagleg miljø. (Ja, for ein gongs skuld kunne ein seie.) Og denne gongen - Oddasymposiet er frå 8. til 12.oktober - var det noko med temaet der som fanga meg. Dette var jo på tide, tenkte eg. Eg siterer frå byrjinga på annonsen for symposiet (eller festivalen som nokon vel å kalle det):
Årets tema for Litteratursymposiet i Odda er KOMPIS. Dette har opna for tematikkar kring vennskap og uvennskap i litteraturen, samfunnsdebatten og musikken. Det handlar om vennegjengen, om heltar, om vennskap som forvitrar, og om dei som står utanfor. På gale veier kan kameraderi og vennetenester føre til korrupsjon og nepotisme. Kor går grensene?
Kva blir kva, kor går grensene? Ja, dette har vore lite tematisert i dagens litterære liv. Tykkjer eg, til no. Korleis grip ein så tak i det, denne første gongen i Odda?
Sitat frå annonsen: «Vi har invitert forfattarar til å møte venner på scena. For å presentere kvarandre, snakke om forfattarskapa sine, om verdien av litterært vennskap og om lesefellesskap. Blant venner kan ein kanskje gå tettare på?»
Dette er eit utgangspunkt. Vi får sjå etter kvart her i landet kor dette ber av og ender. Litteraturtidsskrift og avisredaksjonar bør kjenne besøkelsestida si og møte opp. Som vanleg er oppmøtet av folket stort i Odda, og mange er dei som er inviterte til å delta. Program og påmelding finn du her.

Døme på vennskap i programmet er to personar som kvar for seg er blitt framgangsrike poetar og strategar, dei to vestlendingane Nils-Øivind Haagensen og Ruth Lillegraven. Debutboka til Lillegraven var dedisert til Haagensen. Men dei har vore tre venner, der også Jens M. Johansson er med på det. Og dei tre møtast i samtale om vennskapet, på scenen i Odda 9/10.



Temaet ja. Kor lite observert og påakta er eit tema som kompis eller venskap i dikt, for å sjå etter nett det! Så er det berre å ta ein titt på norsk lyrikk dei siste tiåra for å finne at vennskap blir verkeleg lite tematisert. Dette resultatet har eg gjort reie for her.




Ps 12/10:
Det kom kanskje ikkje noko ut av det? I første omgang? Iallfall så langt - det som eg har lese i aviser denne veka. Eg var ikkje i Odda heller. Men likevel har det kanskje skjedd viktige ting på scenen der, oppdagingar som ikkje er oppsummerte enno - .