|
Kunnskap og musikal
Tirsdag 27. September 2005 |
|
|
Frå før har Nord-Trøndelag hatt ein sterk revytradisjon. No ser vi byrjinga på ein ny musikal-tradisjon rundt forfattaren Hans-Magnus Ystgaard. Det starta først med musikalen «Purpur og gull», som gjekk lenge på Trøndelag teater, og etterpå held det fram med musikalen «Ei ny tid», som hadde premiere laurdag på Dampsaga, Steinkjer.
Den siste musikalen er tinga til 1905-jubileet. Der får Ystgaard brukt sine spesialkunnskapar, for i tillegg til dramatikar er han også historikar med spesialfelt overgang mellom radikal bondepolitikk og sosialismen. På nytt får ein musikal av Ystgaard strålande kritikkar, og her er tatt med Asgeir Skroves musikk, Arnulf Hagas regi, vidare ei rekkje skodespelar-prestasjonar og scenografien. Sjå berre kva Trønder-Avisa (kultur) og Adresseavisen skriv.
Det som skjer rundt Hans-Magnus Ystgaard, er ei viktig sak for denne diktnettstaden, sidan denne diktnettstaden prøver å vere kunnskaps-basert, og sidan han reknar songpoesi som poesi...
Ps 4/5-08: Denne musikal-notisen såg eg ligge som aller første treff av over 200 000 på søkeorda nytt kunnskap .
|
|
|
|
|
|