Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Okt 2014

Veksling
Onsdag 29.

Den norske Nobelkomitéen
Mandag 20.

Zebra poesifilm
Torsdag 16.

Alle blad har mist sitt tre
Onsdag 15.

Jazzpoetfeiring
Tirsdag 14.

Kompisar, venner
Søndag 5.

Sett i forbifarten
Lørdag 4.

Øyvind Berg på Ordkalotten
Torsdag 2.

Torsdag 2. Oktober 2014

Øyvind Berg på Ordkalotten

Vi kastar oss inn i noko som skjer no. I Tromsø pågår festivalen Ordkalotten.På fredag les fem forfattarar frå dei nye bokene sine, m.a vil Øyvind Berg med GJENNOM MØRKETIDA. Forfattaren er full av liding og galgenhumor i denne boka, her er f.eks uvers-humor alt på side 8:

Smørgule skyputer i blå fløyelshimler
Det er spådd storm
i ettermiddag –

i ettermiddag kan vi legge oss inn
der oppe
som moderne mennesker

mens uværet raser på jorda.


Teksten i GJENNOM MØRKETIDA ber preg av eigne røynsler og historiske bosniske røynsler. Men eg vil halde meg til Noreg i det neste eksemplet, frå side 100, og samtidig seie at eg misunner dykk som er til stades på Ordkalotten. Heile side 100 er berre fin, men den siste delen (for å syne poesien når den kler seg i rim) kjem her:

Noe av det vakre overlever oss ved arv.
Ved Fiskepiren vaker en skarv.

Eg ler sjeldan så godt som eg gjer av Øyvind Berg. Men han er sjølvsagt både alvorleg og engasjert. Forfattaren er, som mange veit, sterkt engasjert i debatten om at Ibsen-prisen blei gjeve til Peter Handke.

Ps: Og det er bra.





Ps 19.oktober:
*I Klassekampen sitt bokmagasin har Sindre Andersen ein større omtale av GJENNOM MØRKETIDA.
*I Aftenbladet har Ulrikke Valvik Mitchell eit intervju med Øyvind Berg under tittelen «Hans lyseste bok er om mørket».