Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Sep 2014

Lyng
Lørdag 27.

kvar fjerde fredag
Fredag 26.

Hastemøte
Lørdag 13.

Alt æ dyrke e eksempla
Tirsdag 9.

Videopoesi
Mandag 8.

Festivalar i september
Mandag 1.

Tirsdag 9. September 2014

Alt æ dyrke e eksempla

Ei av dei nye diktbøkene er FORSTILLINGSVÆRKET av Matias R. Samuelsen. Boka rommer ein gjennomtenkt og varsom bruk av eigen dialekt. Dialekt signalerer, i utgangspunktet, både humor og «heimstaddikt» (uttrykket er varsla side 17). Kva gjer forfattaren? Han plasserer geografien til ein større samanheng. Gjer Trondheim til noko verdshistorisk eller globalt ved særleg å trekkje inn storleik som Kina og Japan. Eller, for så vidt, noko med Prøysen sin plass litterært, om vi tenkjer på Teskjekjerringa si vandring i verda.

Trondheimsdialekt, som trass alt er blitt ein avslipt dialekt gjennom tidene, rundar poeten av til sitt bruk. Gjer meir av det same som andre dialektkjennarar i diktsjangren har gjort før; lokale stadnamn florerer. På løpande band kjem Nardo, Nidareidbrua, så Ilakirka, ikkje småting, deretter Tyholttårnet, Risvollan og Nidelva (ho blir jamført med Han-floden i Korea). Lokale namn vil søkje nærleik til kvardag og nabolag.

Boka blir innimellom ein litterær tumleplass, samstundes som forfattaren problematiserer bruk av allusjonar (sitat-leik) ved nesten å dynge på med dei, saman med «notar», slik at det vonleg er tenkt på som parodi og humor. Den største humoristiske og nok absolutt vellykka ironien kjem på sidene frå 34 til 39 i midtpartiet, der denne poeten refererer klassisk typeteikning av poetar. Etterkvart sirklar han inn ein lege og poet frå New Jersey, William Carlos Williams, som sto for munnleg kvardagsskildring og for mindre allusjonsbruk enn til dømes ein dominerande engelsk poet som T. S. Eliot.

Sjølv blei eg interessert i denne boka si problemstilling, men kjende meg driven til åtte wikipediasøk overfor litt rebusprega stoff. Men rebusen stemmer. Og i vår samtid kan vi google. Eg slo, for å vere heilt sikker, opp på andre del av boktittelen Forstillingsværket, der «værket» er dansk for verket. Og eg låner eit sitat (lånt frå side 17 igjen): «alt æ dyrke e eksempla», dette utsagnet er noko å grunne på og blir viktig for boka. Til dømes er heile midtpartiet i boka kalt «Eksempelsamling». Her er side 40 derifrå. Kan lesast som delvis sjølvironisk kommentar, delvis aktuell kommentar:

Det er ikke anna å gjør
med gamle penga enn å bruk dæm

på rasekatta
koke crack og træn

kamphunda
lev et langdikt uten fotnota

kle av Nancy Ellicott
foran peisen

finn det nye
i New England