Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Aug 2014

Frå Molde til Ulvik
Fredag 29.

Storstreik
Mandag 25.

Litteraturdagar i slutten av august
Tirsdag 19.

Harpefoss Poesifestival
Torsdag 14.

Aktuelt
Mandag 11.

Meiningar
Torsdag 7.

Diktardagar
Lørdag 2.

Tirsdag 19. August 2014

Litteraturdagar i slutten av august

Litteraturdagane i Vinje står for tur. For så vidt er dette ein del av det nyare desentraliserte tilbodet av poesi- og romankunst. Samtidig er Telemark, og ikkje minst Vinje sine bygder, sentrum for nasjonal kultur og folkekultur. Tenkj på Vinje og på Aasmund Olavsson Vinje, som var saman med Ibsen og Bjørnson, tenkj på paret Tarjei og Haldis Moren Vesaas, som var respekterte av alle generasjonar etter krigen, tenkj på søskena Nordstoga i dag. Tenkj på dei legendariske spelemennene frå Sauherad i Telemark, Myllarguten og Lars Fykerud. Og så vidare og så vidare. Vinje kommune er større enn Vestfold fylke.

Poetane som tar del på litteraturdagane, Stein Versto, Ruth Lillegraven og Ingrid Storholmen, dei får verkeleg noko å ha fingrane i på dei tre dagane frå 29. august (som er ein fredag). Romanforfattarar i elden under litteraturdagane er Dag Solstad, med blant anna sin lokale og omtalte slektsroman, og freske vinnaren av Tarjei Vesaas’ debutantpris nr 50, Gine Cornelia Pedersen. Elles tar mange andre del med anten foredrag eller med opplesing eller musikk. Last ned program for 2014.



* Her skal, etter kva eg meiner, vere eit par grundige tidlege omtalar av poetane som skal til Vinje no: Ingrid Storholmen og Ruth Lillegraven.