Til hovedsiden
Presentasjon Bøker Nye dikt Nytt Artiklar Tilbakemelding Lenker
 
   Nytt  2008  2007  2006  2005  2004    |    Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan
 


Svenske tidsskrift imot kvarandre
  Lørdag 24. September 2005
Tidsskrift står imot kvarandre i svensk lyrikkdebatt. Aktørar er OEI, Lyrikkvãnnen og PS, kanskje mest det nyaste tidsskriftet PS. Dette er situasjonen framfor bok- og bibliotekmessa i Gõteborg kommande veke. Her var ei lenke til Karin Haugens reportasje i Klassekampen 24.9. Vil frontane spreie seg til Noreg, eller vil Noreg, som vanleg, ha andre motseiingar?

Svært forenkla kan ein spørje med PS og Klassekampen: Teoritung språkpoesi eller autentisk sentrallyrikk?

(Norske Rune Christiansen, som har ein fot innafor PS og kjenner seg aller mest i slekt poetisk med OEI, ønskjer ikkje denne altfor lettvinte og nyaste polariseringa mellom tidsskrifta, forklårer han Karin Haugen.)

Ps 5.nov: I Morgenbladet intervjuar Bendik Wold to såkalte «tradisjonalistar» som markerer seg imot «modernistane» - og knyttar dette til dei svenske motseiingane, pluss at dei namngjev fem yngre motstandarar i Noreg.


Nytt Sep 2005:

Kunnskap og musikal
Tirsdag 27.

Svenske tidsskrift imot kvarandre
Lørdag 24.

Bergen poesifestival:
Lørdag 10.

Val av filosofi?
Fredag 9.

Karin Moes roman Kyka
Fredag 2.



 
Denne siden er laget av Kjartan Rykkja © 2004 - 2007 Helge Rykkja Logg inn