Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Aug 2014

Frå Molde til Ulvik
Fredag 29.

Storstreik
Mandag 25.

Litteraturdagar i slutten av august
Tirsdag 19.

Harpefoss Poesifestival
Torsdag 14.

Aktuelt
Mandag 11.

Meiningar
Torsdag 7.

Diktardagar
Lørdag 2.

Torsdag 7. August 2014

Meiningar

Eg tykkjer at det finst så mange diktskattar (å ause av) på vår jord:

Den svarte svingar sitt sverd.
Den kvite lyfter sitt skjold.
Striden skal rase i hjarte
til hjarte morknar i mold.

Vi elskar alltid den kvite,
men hjelpa gjev vi den svarte.
Den kvite skal eingong falle
og tyngje som sorg i ditt hjarte.


Kva tenkjer eg på? - Jo, eg tenkjer på Israels krig mot Palestina og på busetjingar utover okkupert palestinsk jord, når eg i dag les dette diktet av Tor Jonsson frå 1951, det siste leveåret hans. I dag: Palestinarane sig i mengder ved kvar gjentakande politiske og militære konfrontasjon. Diktaren som skreiv så sårt og enkelt og døydde ung, kan du høyre foredrag om - laurdag på DIKTARDAGANE som byrjar alt i morgon.