|
Bergen poesifestival:
Lørdag 10. September 2005 |
|
|
Audiatur - blir 13.-16.oktober med mange namn, mange utanlandske røyster, med eit utval av skandinaviske: svenske. Festivalen utforskar grensesoner, stader der diktet blir utfordra av ulike andre medium og kontekstar. Poesifestivalen ligg i forkant av BergArt-festivalen. Denne lenka er til eit program med fyldig presentasjon - .
Ettersom eg har oppdrag i Bergen i oktober, skal eg prøve å få med meg Audiatur og freiste å rapportere til Diktsidene. Nettstaden er elles blitt nokså nøyaktig eitogeithalvt år no...
Ps: Ordet Audiatur går på høyresansen, ein vakker sans - .
Ps 17.oktober: Ja, eg var altså innom Audiatur i Bergen og høyrde m.a Yngve Pedersen, ein ny Gunnar Bjørling, iallfall syntaksens tryllekunst; eg høyrde eit opplesi teaterstykke av Aasne Linnestå, med bra mange «harde» ord og sprekkar mellom mor og dotter gjennom lange liv, men som Embla, snart fire år og medfølgjande på Audiatur, syntest var nok fascinerande i det vekslande tonefallet (ho klappa godt etter stykket); eg høyrde m.a Jørg Piringer, han framførte eit lengre verk som vi i 1960-åra ville kalt «konkret musikk». Verket var «Spambot», og innsatsen frå Piringer var stor. Eg (og Embla) høyrde Øyvind Berg og Maja Solveig Kjelstrup Ratkje lese Bergs begge omsetjingar av same dikt av William Blake, lese nesten samtidig - . I forgårs fekk eg innblikk i samarbeidet mellom Ratkje og Monica Aasprong, og eg fekk snakka ein god del med Bjørn Aamodt. Det var mange skandinavar på festivalen som eg ikkje fekk høyrt/møtt (sidan eg var på berre to av arrangementa), m.a Ida Bõrjel og Anna Hallberg missa eg, men eg fekk helsa på Christian Yde Frostholm i Afsnit P.
Det finst frå festivalen ein flott og informativ katalog på 500 sider for 150 kr, nærmast eit tidsskrift for mi lesing. Av gode omstjingar der finst Øyvind Rimbereids av skotten Tom Leonard - med desse sluttorda til FEDRE OG SØNNER: «(...)Poesilesningen e øve./ Eg vil gå hjem til ongane mine.» Vidare vil eg nemne at Arve Kleiva har produsert nokre lengre frie samtalar med Jenny Tunedal og Gunnar Wærness. At Dag Haugstvedt har levert ei oppdatert lesing av Bjørn Aamodt. Lesinga forankrar Aamodt i 1960-talet si uttalte systemdikting.
Innhaldet i «tidsskriftet» Audiatur er formidabelt, imponerande er introduksjonane av deltakarane på festivalen, f.eks Henning Hagerups av Jo Eggen, Audun Lindholms av Jørg Piringer og av Monica Aasprong, Hild Borchgrevinks av Maja Solveig Kjelstrup Ratke. Redaktørar for dei 500 sidene har vori Paal Bjelke Andersen og Audun Lindholm.
Det har kommi ulike omtalar av Audiatur i etterkant av Audiatur, både av arrangementet og av katalogen. Dei finn du 19/10 (= mykje lenger nede) på denne blogspot-sida på omsensgate.
Ps 31.desember: Helge Torvund knytta Anna Hallbergs dikt til Helge Rykkjas skrivemåte, når Torvund skreiv:Dei litt tilfeldige setningane frå kvardagens replikkvekslingar og dei meir absurde tinga som: „Ja, eller i öronen.“ og „Tror du man kommer ihåg att dra i det där snöret?“ får meg til å tenkja på den norske poeten Helge Rykkja. Hallberg skapar heile tida små-pussige kontrastar og ei kjensle av gjenkjenning gjennom samansetningane av språk frå ulike kjelder. (Torvund om på era platser, 2004)
|
|
|
|
|
|