Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Jun 2014

Harde dikt
Torsdag 26.

Godt budde festivalar
Lørdag 14.

Dobbel gratulasjon
Torsdag 12.

Røsbak og Prøysen
Tirsdag 3.

Det saklege og draumelivet
Tirsdag 3.

Solund i Sogn
Søndag 1.

Torsdag 26. Juni 2014

Harde dikt

Ein god bunke nye diktbøker frå biblioteket sin ferske fangst blir med meg heim. Eg ser på dei, tar eit førsteinntrykk. Ei tjukk og svart bok skil seg ut. Danske Yahya Hassan sin unge debut (18 år) med tittelen Yahya Hassan er den mest spektakulære og lettlesne, trass i 170 skrivne sider, fordi lesaren der heile tida ventar på å få sjå korleis dikt-eg’et (til slutt) kjem seg ut av den fasttømra kriminelle sida av familiemiljøet sitt og stadig blir huka inn på nytt av politi og hjelpeapparat, medan denne stakkarslege hovud-personen samstundes fattar interesse for enkelte poesibøker og elles står på fatal staden kvil i eksistensen. Lesaren reknar med at det må da iallfall skje noko med alt, og iallfall når boka byrjar på slutten, dvs langdiktet på side 135. Lang og - for all del - sterk venting, venting, venting for lesaren.

Iallfall kom boka ut i Danmark i året 2013 med svære opplag a la Knausgårds Min kamp, og ho kom i norsk gjendikta versjon ved den rutinerte norsk-chilenske poeten Pedro Carmona-Alvarez no. Altså no i 2014.

Allereie dei ni verslinene frå opninga på boka, frå «BARNDOM», blir kvasse og enkle (heile boka har stor skrift og tekst på annakvar line):


FEM BARN PÅ REKKE OG EN FAR MED EN KØLLE

MASSEGRINING OG EN PØL AV PISS

VI REKKER UT EN HÅND ETTER TUR

FOR FORUTSIGBARHETENS SKYLD

DEN DER LYDEN NÅR SLAGENE RAMMER

SØSTER SOM HOPPER SÅ KJAPT

FRA DEN ENE FOTEN TIL DEN ANDRE

PISSET ER EN FOSS NED BEINA HENNES

FØRST DEN ENE HÅNDEN FREM SÅ DEN ANDRE

(…)


Poesiboka er hard og slår i dei fleste retningane, men aller mest indirekte, slår også mot eg-personen sjølv, alltid utan å mase med bagatellar eller med atterhald. Skinnheilag religion står sentralt i alle desse poetiske åtaka og kan iallfall gjere det nokså fårleg for forfattaren å bu vidare i Danmark, ville eg frykte. Håpar eg tek feil.

Som eg sa, så er boka gjendikta til norsk. Språket som eg les i dikta, føyer seg etter situasjonen til dikt-eg’et, dvs hovudpersonen, og er enkelt og ujålete lite påtrengjande, bortsett frå enkelte gjentatte og hamrande «gloser» som utfordrar lyrikklesaren i meg. Den danske originalen har eg – enno – ikkje sett.