Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Jun 2014

Harde dikt
Torsdag 26.

Godt budde festivalar
Lørdag 14.

Dobbel gratulasjon
Torsdag 12.

Røsbak og Prøysen
Tirsdag 3.

Det saklege og draumelivet
Tirsdag 3.

Solund i Sogn
Søndag 1.

Torsdag 12. Juni 2014

Dobbel gratulasjon

Vi opplever no at den nyleg oppdaterte versjonen av grunnlova for landet vårt kom også i ei nynorsk og moderne form. Det er ein stor siger for nasjonen og for nynorsk og kan føre til meir merkemd om grunnlova framover, i høve til dei store utfordringane som alt - frå demokratiet og til EU samt verda elles - står handfalne overfor, med omsyn til ein truleg styrt kollaps.

Alle medlemmar av Noregs Mållag har no den nye norske grunnlova, hendig trykt utover 4 avissider i medlemsbladet. Eigentleg bør vel alle sikre seg eit eksemplar av ei grunnlov som kan få særs mykje å seie - og er blitt tilgjengeleg i forma, som ho er blitt.

I desse dagar fyller den forfattaren som aller mest har peika på nynorsk og det store talet på unge forfattarar som nyttar nynorsk, 70 år og blir feira som det vakne mennesket han er. Aller mest kjend som roman-forfattar blir han, Kjartan Fløgstad. Denne nettstaden har kommentert (og vore imponert over innhaldet i) dei sist utgjevne romanane og vil ønske lykke til med eit jubileum, som vil strekkje seg ut over både VM i fotball (som startar i dag) og bokhausten som kjem etter kvart. Nei, eg kjenner deg ikkje personleg, men skal likevel seie: Gratulerer både med grunnlovsjubileet og 70årsdagen!


Gildt er det. Til slutt her eit enkelt utdrag frå slutten av den gjeldande nystemde grunnlova, noverande § 112, i tre «ledd»:
Alle har rett til eit helsesamt miljø og ein natur der produksjonstilhøva og mangfaldet blir haldne ved lag. Naturressursane skal disponerast ut frå ein langsiktig og allsidig synsmåte som tryggjer denne retten òg for kommande slekter.

Borgarane har rett til kunnskap om korleis det står til med naturmiljøet, og om verknadene av planlagde og iverksette inngrep i naturen, slik at dei kan tryggje den retten dei har etter førre leddet.

Dei statlege styresmaktene skal setje i verk tiltak som gjennomfører desse grunnsetningane.



Ps fredag 20. juni:
I dag kom vekeavisa Dag og Tid med grunnlova trykt inne i avisa.

Og:
Plakatversjon - 60 cm X 80 cm - tingast her gjennom Noregs mållag . Inn på «materiell».