Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Jun 2014

Harde dikt
Torsdag 26.

Godt budde festivalar
Lørdag 14.

Dobbel gratulasjon
Torsdag 12.

Røsbak og Prøysen
Tirsdag 3.

Det saklege og draumelivet
Tirsdag 3.

Solund i Sogn
Søndag 1.

Søndag 1. Juni 2014

Solund i Sogn

LOKKETONAR FRÅ SOLUND

VILLSAUFESTIVALEN er 20. - 22. juni. Med:
* Kurs, foredrag, utstilling, marknad og konsertar.
* Lokk, lur og leik med Unni Løvlid, koret Havgap & Leikarlaget
* Midtsommarsdans med Gabriel Fliflet & Valseria
* Kyrkjekonsert med Hildegunn Øiseth, Elisabeth Vatn & Leikarlaget
* Ope for buskspel

Program: villsaufestival
Villsaufestivalen samarbeider med Mårenbiennalen:
biennalen

Dette er send ut frå Solund i mai. Og eg merkar meg også denne freske medfølgjande informasjonen frå Ivar Orvedal, tidlegare:

«Vår folkevalde regjering varslar 234 millionar kroner mindre til Sogn og Fjordane, omfordelt til urbant fortetta stader som treng 24 milliardar til dei Olympiske leikar. Det er handelen i seg sjølv, overskot i form av økonomiske talverdiar, som idag er rekna som verdiskaping. Kven spør etter god livskvalitet for eit samfunn grunnfesta på organisk landbruk og slitesterk arbeidsglede? Men noken av oss gjer det, og vi let oss ikkje utrydde.»

Ein oversikt hertil:
På Solund & Villsaufestivalen 20. - 22. juni for lokk og lur og leik, kjem desse allsidige musikarane:
Elisabeth Vatn (svensk sekkepipe, meråkerklarinett, trøorgel, pipeorgel, klaver)
Hildegunn Øiseth (trompet, bukkehorn, lur)
Unni Løvlid (stemme)
Jorun Marie Kvernberg (fele, oktavfele, hardingfele, zitter, stemme)
Kristoffer Chelsom Vogt (kontrabass)
Gabriel Fliflet (trekkspel, piano, stemme)
Havgap (kor)
Ivar Orvedal (stemme, perkusjon, levandegjerar)