Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Mai 2014

Bauhaus på norsk og Bauhaus scene
Fredag 30.

Den store dagen for mange
Lørdag 17.

Verda skiftar ansikt
Fredag 16.

Kunsthistorie og verdshistorie
Onsdag 14.

Vi feirar og minnast langt tilbake
Fredag 9.

Program for avantgarde
Lørdag 3.

Flaggheising den første...
Torsdag 1.

Fredag 30. Mai 2014

Bauhaus på norsk og Bauhaus scene


Medan vi har vore gladeleg bortreist på ferie med sol og varme, har Lillehammer-festivalen, ein enorm verkstad for litteratur, vore arrangert med mykje mediainteresse i forkant. Eg har ikkje så mykje å føye til det som har komme, eller kan komme, i avisene, berre konstatere kort at det internasjonale siktemålet ikkje har mangla og at festivalarbeidet er imponerande.

Men:
To utstillingar, som byrja 22. mai og skal halde fram til 23. august, må eg berre kommentere no: utstillingane om «Bauhaus» på Henie Onstad Kunstsenter. I utgangspunktet var Bauhaus ein framsynt skole grunnlagt i 1919. Her blei det undervist i alt frå kunsthandverk til møbeldesign, foto, arkitektur, biletkunst og teater, skreiv kunstmeldar Kjetil Røed i Aftenpostens spesialmagasin, som eg har her. «I dag er Bauhaus mer enn en skole – det er en kunstbevegelse på linje med surrealismen», det hevdar Kjetil Røed.

På Henie Onstad blir så Bauhaus-skolen sin verknad på norske kunstmiljø lagt breitt fram. Og det fanns også norske professorar på skolen, noko som er utegløymt gjennom ettertida sin lange strategi for å skilje norske miljø frå den internasjonale avantgarden.

På Henie Onstad kan ein, i følge Røed, sjå dokumentert Bauhaus sin scenekunst, ein scenekunst som da blir ein parallell til sekstitalet sine «happenings» og til Joseph Beuys sin tanke om «at alle mennesker er kunstnere». Også det interessant, eller?


Henie Onstad



Ps same dag (30/5):
Jo, i Kragerø var det no fullt av - alle slags - båtar på sjøen. Og den årvisse På Kanten, den norske filosofifestivalen er i gang; det går an å få med seg noko av denne.