Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Lørdag 17. Mai 2014

Den store dagen for mange

Oppslutninga lokalt på Tåtøy var nok enda større enn vanleg i dag. Dette har nok noko å gjere med fokus på grunnlova og jubileet for 200 år no, enda programmet lokalt berre var om lag som det plar. Det kjennest fint med oppslutning.

Elles merka eg meg i dag forskaren Anne Jorunn Kydland og artikkelen «Den nasjonsbyggende sangen», trykt i ei god avis med eige musikk-magasin. Kydland oppsummerer ved å minne om Nordahl Griegs dikt «Bjørnson» frå 1932, eit dikt som blei utgjeve i samling etter krigen, da Grieg var borte. Det ni strofer store diktet blir avslutta med desse to linene:

(...)
Å unge mor, fortell det til barnet på ditt fang,
at meget som er Norge, begynte med en sang!