|
Val av filosofi?
Fredag 9. September 2005 |
|
|
Erling Indreeide og eg er i gang med ein filosofi-diskusjon, på mange vis er ein slik diskusjon ein verre diskusjon enn det dette valet av ny regjering på måndag kan bli. Stein Mehren hadde eit utspel om noko liknande filosofisk på Flisa-seminaret om forfattarskapen hans, der eg var til stades og høyrde på. Han sa noko slikt som at i politikken sto han ikkje så fjernt frå AKP (det var på 70-talet, trur eg at han meinte, kanskje etterpå også). Men det var i menneskesynet at han skilde lag med AKParane!
Årsaka til diskusjonen mellom meg og Indreeide, som eg kjenner og trivast med, er at eg har skrivi ein lengre artikkel om boka hans som har tittelen Utdrag frå MISTRU DEN SOM IKKJE ER NOSTALGISK! med merknader. Sjå Artiklar, og sjå Tilbakemelding. Ingen av oss to er fag-filosofar - eller kan bli det... Men vi tar iallfall filosofien på alvor ved å prøve å gå inn i han og ved å tørre å vere usamde. Og eg vel å ta all usemja og den skarpe diskusjonen som noko alvorleg, men kraftig positivt.
|
|
|
|
|
|