Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Mai 2014

Bauhaus på norsk og Bauhaus scene
Fredag 30.

Den store dagen for mange
Lørdag 17.

Verda skiftar ansikt
Fredag 16.

Kunsthistorie og verdshistorie
Onsdag 14.

Vi feirar og minnast langt tilbake
Fredag 9.

Program for avantgarde
Lørdag 3.

Flaggheising den første...
Torsdag 1.

Torsdag 1. Mai 2014

Flaggheising den første...

I dag var det nok ekstra mange flaggheisingar og balkongflagg, ofte eit vaiande flagg på kvart eit hus - eller nesten på kvar ein bustad i blokk - mange stader å sjå. Gratulerer med dagen! Og vi markerer der vi er.

Sjømann Tor Thorsen snakka denne morgonen ved minnestøtta over dei falne under siste verdskrig. Kragerø hadde sine krigsseglarar som sette livet til. Heilt sikker er eg ikkje, men eg trudde det var Knut Olai Thornæs i Trondheim sitt gamle nr «Frem kamerater» som Thorsen, talaren, brukte første strofe av:

Frem kamerater, frem mot krigerånden,
frem mot vold og barbari.
Slå tyranniet våpnene av hånden,
ellers blir vi aldri fri.
Skjønt det er vi som bærer dagens byrder,
vi som legger krefter til,
så er det oss og våre de vil myrde
når vi livets lykke kreve vil.

(...)


Iallfall er dagen verdt å feirast. Og Knut Olai Thornæs sin innsats er ok å bruke på ein dag som denne. Ja, «frem mot krigerånden» er rette ord, meiner eg, nett i dag. Teksten blei skriven i 1911. I dag er Noreg kraftig militarisert og mellom dei største produsentane av våpen. Kva for ånd som landet ligg under for, kan vel vere ein debatt.