Heim > Nytt | 2018 2017 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 |
Nytt Apr 2014
Dag Solstad er aktiv og aktivisert
Tirsdag 29.
Norsk ikon
Søndag 27.
Kva einskapsskolen treng
Lørdag 26.
Når dei dyktige ryddar
Torsdag 24.
Eit livsverk i seg sjølv
Tirsdag 22.
Vers ved Telemarkskanalen
Mandag 21.
Poesiomtale i ti år
Mandag 7.
Søndag 27. April 2014
Norsk ikon
I dag er det Teodor Kittelsen sin fødselsdag. Kittelsen - som var teiknar og illustratør, dertil tusenkunstnar, forfattar og ei rekkje ting til - får feira eit 100-årsjubileum i år, sidan han døydde under det uhellssvangre året 1914.
Kittelsen er fødd og vaks opp i Skagerakbyen Kragerø. Kva som vitnar om Kragerø, er m.a Jomfrulandsbileta hans og dei satiriske «Livet i de små forhold» frå Sentrum, vidare naturbileta frå Skåtøy og «Pesta»-serien frå Skåtøy trykt i diktsamlinga Svartedauden.
I det siste verket tok Jan Erik Vold og Kjell Heggelund ut - når dei fann enkeltdikt til MODERNE NORSK LYRIKK - det lengre diktet «Fattigmanden», diktet som byrjar slik:
Tidlegare i vår presenterte forskaren Hans-Martin Flaatten fleire av Kittelsens seriar på møte med store publikum. Jan Erik Vold, som er oppteken av Kittelsen som nasjonsbyggjar, kjem hit med eit foredrag kommande august. Og dette er berre «ein del av det».
Teodor Severin Kittelsen (1857-1914) er eit nasjonalt ikon for det norske folk pga av teikningane hans til norsk natur ved kyst og innland og pga illustrasjonane til folkeeventyra. Han blir markert og feira på plassar frå sør til nord over landet i år. Forutan i/ved Kragerø og i læringsstaden München og to spreke år i Lofoten, så budde Teodor Kittelsen - etter kvart med ein stor familie - i Larvik, i Hvitsten, i Eggedal, i Sigdal (Lauvlia), i Huseby, og til slutt på Jeløya.
Tips: Til jubileumsåret for Kittelsen har Arnhild Skre skrive ein biografi som er i kjømda.
Meiningar og opplysningar om den mangslungne kunstnaren finst på wikipedia .

Han kjender hvert skridtI går var det fleire utandørs arrangement lokalt, m.a talar ved bysta av Kittelsen ved Bjørnsborgparken. Det vidare rike programmet for Kittelsenjubileet blei spreidd, eit lokalt program ikkje minst initiert av kunstnaren Katja Aarflot. Vel, flest ting skjer i juni, juli og august; m.a er både vandreteater og nattlig vandring i smaua verde å merke seg. Dertil kjem fleire originale utstillingar lokalt.
hver stub og træ,
De samme spor,
de samme tanker.
(…)