Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Apr 2014

Dag Solstad er aktiv og aktivisert
Tirsdag 29.

Norsk ikon
Søndag 27.

Kva einskapsskolen treng
Lørdag 26.

Når dei dyktige ryddar
Torsdag 24.

Eit livsverk i seg sjølv
Tirsdag 22.

Vers ved Telemarkskanalen
Mandag 21.

Poesiomtale i ti år
Mandag 7.

Lørdag 26. April 2014

Kva einskapsskolen treng

Vi reiste til Skien i forgårs kveld, ikkje til mitt Diktets Venner, men til eit stort arrangement på Torget der. 1000 lærarar frå Telemark var samla for uttrykkje noko. Lokalt hadde vi skrive ei rekkje plakatar og transparentar med slagord; dei fleste krava hadde ord som desse:
*Forsvar streikeretten* *Forsvar enhetsskolen* *Enhetsskolen trenger sentrale avtaler* *Undervisning er ferskvare* *La lærerne være lærere* *Nei til fagforeningsknusing* *Forsvar sentrale forhandlinger*
Alle i forsamlinga tok på seg t-skjorter med parolen «La lærerne være lærere». Rockebandet Ni liv frå Kviteseid spelte (på dialekt). Og i alt fem faglege og politiske apellar blei haldne frå scena. Deretter vende vi heim til Kragerø kommune ca 40 lærarar, dei aktive og pensjonerte som møtte opp, med eit stort fleirtal kvinner.

I kampen for sentral forhandlingsrett om arbeidstid er det opplagt at lærarane kjempar fagrørsla sin generelle kamp.