Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Apr 2014

Dag Solstad er aktiv og aktivisert
Tirsdag 29.

Norsk ikon
Søndag 27.

Kva einskapsskolen treng
Lørdag 26.

Når dei dyktige ryddar
Torsdag 24.

Eit livsverk i seg sjølv
Tirsdag 22.

Vers ved Telemarkskanalen
Mandag 21.

Poesiomtale i ti år
Mandag 7.

Torsdag 24. April 2014

Når dei dyktige ryddar

Alltid er det ein fest når dei mest mottakelege og skarpsindige hjernene rundt poesi får høve til å kommentere eit alminneleg folkeleg emne, for eksempel eit såpass emne som Inger Hagerup. Det er Henning Hagerup som gjev eit tosiders portrett av poeten Inger Hagerup her. Du møter det i nyaste nummer av tidsskriftet Vagant, som eg abonnerer på; dette er eit mektig og feira tidsskrift som blei kåra til «Årets tidsskrift i 2013». Alt no i første nummer av 2014 har det gått vidare med formulert fornying, alt no så kort tid etter utmerkinga som tidsskriftet fekk, kjem altså ny rydding.

Henning Hagerups portrett av farmora si, poeten Inger Hagerup, i Vagant viser seg ved lesing snart å vere ein personleg tekst, og eit kjærleiksfylt og respektfullt personleg portrett som er snedig og innbydande komponert.

Tidsskriftet Vagant legg for ein stor del vekt på det nordiske kulturfeltet og følgjer såleis opp ein sterk og brei tradisjon her heime frå 2000-talet av, og oppfølgjinga skjer saman med enkelte andre viktige litterære institusjonar som vi har, eg nemner såleis litteraturfestivalen som blir arrangert på Lillehammer, snart i mai.

Ein stor hovudbolk i Vagant nr 1 2014 er vigd temaet den mang-slungne historiske romanen. I nr 4 2013 var det tilsvarande fyldige «DOSSIER» vigd temaet essayet.


Ps 25/4: Det nyaste Vagant skal vere ute i butikken.
Og slik er Vagant sin nettstad.