Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Apr 2014

Dag Solstad er aktiv og aktivisert
Tirsdag 29.

Norsk ikon
Søndag 27.

Kva einskapsskolen treng
Lørdag 26.

Når dei dyktige ryddar
Torsdag 24.

Eit livsverk i seg sjølv
Tirsdag 22.

Vers ved Telemarkskanalen
Mandag 21.

Poesiomtale i ti år
Mandag 7.

Tirsdag 22. April 2014

Eit livsverk i seg sjølv

Det kjem stadig meir nytt i Prøysen-året, no ei svært innhaldsrik og omfangsrik bok, det er ei nyutgjeving. Det er stubbar, ei lang rekkje stubbar, der utruleg mange er blitt gode kortnoveller eller iallfall er nære novella. Innhaldet er upåklageleg konkret og rommar allsidig menneske-kunnskap av beste merke. Boktittelen lyder på: Lørdagsstubber, etter avis-opphavet til sjangeren.

Denne sida av Alf Prøysen har ikkje blitt tilstrekkeleg og rettferdig påakta av litteraturverda, ikkje minst i vår ettertid, kan det sjå ut som. Forfattaren jobba for si avis, Arbeiderbladet, med stram levering kvar veke heilt frå 1951 til 1970, då han gjekk bort på grunn av sjukdom (kreft).

Det er første gong alle stubbane er samla i ei utgjeving, og det er første gong dei kjem i kronologisk rekkjefølgje. Eit eige livsverk, i følgje Jan Erik Vold, han som har redigert boka. Sjølv har eg ikkje hatt sjanse til finkjemme jobben til Vold, korleis han har turnert detaljar i Prøysens tekst. For meg er det mest om å gjere å seie ifrå om at boka no finst. Forlaget er Prøysens forlag Tiden norsk forlag.

Det som slår meg med boka fått i hendene, er to ting: Den livaktige kvaliteten pluss eit samband mellom stoffet i visene og stoffet i stubbane frå forfattaren, stubbane, dette vil seie vaksenprosaen til denne forattaren, som debuterte med noveller i 1945: Dørstokken heme.

La meg da ta ein stubb: Novella «Grønt gras» er ein av dei første stubbane og blei trykt i avis 24. november 1951. I avisa har rolla til herresykkelen ein parallell til den seinare utruleg smarte og rike visa «Ungkars-salme», om kjærleiken sine uutgrunnelege vegar. Dertil har grepet «grønt gras» i novelletittel og novelleavslutning ein mindre omfattande parallell til eit av dei mest nytta songnumra i Prøysens siste visesamling (frå 1969), «Jørgen Hattemaker» heiter visa.

No får eg ikkje lagt ut novelleteksten her, sorry. Er det nokon som kan sende meg denne pr epost, ville det vere hjelp for meg. Til slutt denne opplysninga: Boka har nyttige register, både eit kronologisk først og etterpå eit alfabetisk register.



Ps 2/5-14:
I dag melder Klassekampen - i HVA SKJER - om at Jan Erik Vold kommande torsdag (8/5) «les og snakkar om Alt Prøysen», det skjer på Tronsmo bokhandel kl 17. Der er det nok tid for også boka Lørdags-stubber.