Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Mar 2014

Konkret berøringskunst
Søndag 30.

Vekta på verk
Lørdag 29.

Malaysia er eit godt land
Tirsdag 25.

Einsam i varm årstid
Tirsdag 25.

Syn på 10-år
Lørdag 15.

Mellom bokstavar og bilete
Tirsdag 11.

Folkeretten og Ukraina
Tirsdag 4.

Byråkratar
Lørdag 1.

Tirsdag 25. Mars 2014

Malaysia er eit godt land

Eg tykkjer ikkje all kritikk frå folkemengder er utan manipulering. Vi ser at kinesiske pårørande til dei mange venteleg forulykka i flykatastrofen protesterer mot dei malaysiske styresmaktene meir enn vanleg, og kven er mest interessert i denne intense kritikken utanfor den malaysiske ambassaden i Kina?

Det vi ikkje får greie på i norske media, er nok at det bur mange kinesarar i Malaysia i tillegg til mange indarar, så mange at i malaysiske selskap har det offentlege brukt å kvotere malayarar og indarar og kinsesarar til styret for selskapet, noko som altså er ein politikk for å få balanse mellom folkegruppene og unngå etniske problem og heller få næringslivet til å bløme.

Dette fekk vi høyre når eg var på ein guida turisttur til landet, for nokre år sidan, ein bra tur med behageleg og jamt klima sjølv om landet låg omtrent ved ekvator, ikkje for varmt pga nærleiken til fleire hav. Malaysia er eit relativt godt drive land, slik som Noreg, og har rike naturressursar slik som landet vårt har, og har original og spennande storbyarkitektur (slik vi ikkje har).