|
La UNION leve!
Onsdag 17. August 2005 |
|
|
På kort tid er det samla inn underskrifter frå 126 forfattarar som ønskjer bøkene sine trykte på papir frå Norske Skogs fabrikk i Skien, UNION. Lyrikaren Øystein Hauge tok iniativet til dette. Meininga er å støtte 380 tilsette ved Union og kampen for arbeidsplassane: «Det bør legges til rette for en overgang fra avismarkedet - til produksjon av bokpapir!» heiter det i fråsegna frå dei 126, mellom andre meg. Dette var konkret, på fleire måtar konkret, slik eg forstår ordet.
UNION har nedfelt seg i den heilt nye romanen til Erland Kiøsterud: Det første arbeidet (Oktober). Boka, som har tatt tre år å skrive, handlar rett og slett om UNION og dei strenge problemstillingane rundt det som skjer. «Forbløffande aktuelt», forklårer Karin Haugen i Klassekampen. Forfattaren har tatt steget frå ein fase av seinmodernismen (=hans eige ord) og inn i ein ny og konkret fase i forfattarskapen. Sjå eit intervju med Erland Kiøsterud.
Ps 25.august: I dag blir det massemønstring for Union i Skien kl 18. La UNION leve! Og eg fekk denne tilbakemeldinga frå Øystein Hauge: Utover i august og september vil det i telemarksområdet finne stad fleire markeringar, arrangement som alle har dette til felles: Unionsaka! Forfattarar i austlandsområdet som kan tenke seg å ta i eit tak (les: lese) under eitt eller fleire av desse arrangementa; ta kontakt! Ps 17.september: Fleire forfattarar - iblant dei er eg - har spreidd post-korta som aksjonen har utarbeidd. Også september kan ein ta eit tak for UNION. Og Øystein Hauge har epostadressa:
hauge@litteraturnett.no
Ps 2/8-06: No skriv fagforeiningsleiaren på UNION, Magnus Straume, bok om løgnene, manipulasjonane og metodane som blei brukte av konsernleiinga.
|
|
|
|
|
|