|
1960-åra inne igjen?
Fredag 14. Mai 2004 |
|
|
Det står i presseoppslag at Jan Erik Vold kjem med nye dikt i haust. Kva er det som skjer med nestorane - ? Det brygger opp til ei produktiv kappskriving mellom nestorar som Vold og Stein Mehren. Og eg trur det er eit meir gunstig estetisk klima som er grunnlaget for denne skapande kappestriden. I det siste har vi sett Kjell Heggelund stå breiare fram med diktlesing; no manglar det berre at Heggelund offentleggjer nye dikt, dermed kan vi seie at 1960-åra er inne igjen...
Du har vel ikkje gløymd Georg Johannesens overraskande nye framhald på Ars Moriendi? Ars Vivendi.
PS 6/12: Stein Mehren blei innstilt til Nordisk Råds litteraturpris, får vi høyre, og Kjell Heggelund er på poesigalla igjen, på Cafe Mono 8/12 i «Poesiåret 2004»-arrangement. Ja, så menn: Den eldre garde opptrer der: Ellen Einan og Arild Nyquist. Nora Brockstedt syng Prøysen, og Tomas Transtrømer spelar piano. Konferansier står ikkje i annonsen, men må vere Jan Erik Vold.
PS 10/12: Eg var på avslutninga av Jan Erik Volds «Poesiåret» på Cafe Mono, og der var også mange andre, skulle ha hatt større lokale, - og det var ei oppleving med mange høgdepunkt. Vi fekk det lyriske piano-spelet til 73-årige Tomas Transtrømer, vi fekk også eit passande jazzig akkompagnement frå Alfred Janson til Brockstedts «Æille så nær som a Ingebjørg» og Prøysen elles, vi fekk ein Arild Nyquist i lyrisk storform. Og det blei faktisk andre gong sidan 1967 at eg høyrde Kjell Heggelund lese... Einaste vonbrotet for meg var at Ellen Einan sine dikt ikkje kunne lesast av henne sjølv pga transportproblem frå Svolvær, eg skulle svært gjerne fått røysta hennar...
|
|
|
|
|
|