Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Feb 2014

Dikt som debatt
Fredag 21.

Irritasjonar i OL
Lørdag 15.

Bibliografi om Prøysen
Torsdag 6.

Diktafon når som helst
Onsdag 5.

Bo Kaspers for deg
Tirsdag 4.

Fredag 21. Februar 2014

Dikt som debatt

I avisa Klassekampen sine debattspalter har det frå tid til annan komme dikt på trykk. Eg har referert mine to, i det siste. Og eg har referert Jan Erik Volds to, for ei tid tilbake. Dessutan så hadde Jo Eggen ei rekkje dikt på trykk. Men dette byrjar å bli ei god stund sidan. For nokre dagar sidan hadde forfattaren Espen Stueland eit kritisk dikt til IOC-medlem Gerhard Heiberg. Forfattaren er kjend blant anna for eit stort organisasjonsarbeid med å stoppe Statoils oljesand-investering i Canada. Like vel, summa summarum, så blir det vel skrive for få avisdikt for den turbulente tida vi lever i. Ja, altfor få i høve til mengda av betalte presseagentar og mengda av fysiske åtak på journalistar.

Forfattarane syner eit større miljøengasjement .

Forfattarane har skrive ei rekkje «klimadikt». (Dei kjem på rekkje og rad i forfattarane sin klimaaksjon.)