Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Feb 2014

Dikt som debatt
Fredag 21.

Irritasjonar i OL
Lørdag 15.

Bibliografi om Prøysen
Torsdag 6.

Diktafon når som helst
Onsdag 5.

Bo Kaspers for deg
Tirsdag 4.

Tirsdag 4. Februar 2014

Bo Kaspers for deg

Min Bo Kaspers-elskande nevø meiner det er mykje god poesi uti den svenske gruppa sine songar. Og eg har lagt ut eit par tekstar av dei på nettstaden tidlegare. Bo Kaspers har vore og konsertert på Skåtøy vise- og poesifestival. Ein teknikk for å få fram poesien hos popgruppa kan vere å skilje ut vers frå refrenga eller omkved, slik som Frode har gjort under. Dessutan så finst det da aller mest å hente i den første og meir jazzige perioden hos Bo Kaspers, seier Frode til meg. Her skriv Bo Kaspers om slekta, utan refreng:



Min släkt er full av hjältar
decennier av slit
Nu är dom gömda bakom stjärnor
men dom bar mig ända hit!

Genom 57 kanaler – satelliter i en ring
ett hundra överklasspoeter
kan inte gje mig någonting

Jag har sprungit i et liv nu
jag sprang för at stå still
i jakt på et mirakel
när det fanns precis inntill

Nu är jag vaken – jag är fri

(...)



Ps, dagen etter:

Var det nokon som stussa over - og tvilte på - at den teksten skulle vere utdrag frå Bo Kaspers? I så fall hadde dei rett, fordi utdraget derimot var henta frå den svenske gruppa Kent, ”ei anna av mine melankolske favorittar”, som Frode seier. Og her hadde vi snakka forbi kvarandre. Men ikkje meir gale gjort enn at metoden over, han kan brukast på fleire, på mange kanskje - . Vi kan vel takke kvarandre, same kva.