Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Jan 2014

Pete Seeger
Onsdag 29.

2008 og åra før
Torsdag 23.

5-årsprosjekt fullført
Tirsdag 21.

Mindre stader
Mandag 20.

Ein sirkelsalme
Tirsdag 14.

Går det bra med -?
Mandag 13.

To bokomtalar: Det evige?
Tirsdag 7.

Diktbøker i 2013
Fredag 3.

Tirsdag 21. Januar 2014

5-årsprosjekt fullført

Rekneskapen? Ja, det går heilt mot slutten av omtalen min av heilt nye diktsamlingar i året 2013. Frå folkebiblioteket fekk eg i går ein epost som nemner at dei har ei gruppe på ni diktbøker klåre til meg, mellom andre Steinar Opstad og Asieh Amini sine nyaste. Å kjøpe inn diktsamlingar - via kulturrådet - til folkebiblioteka det tar si tid, ser eg. Og å få dei nyinnkjøpte bøkene vidare til ein ventande lesar som meg, tar si tid også det. Eg veit vel det no, eg som har halde på med denne metodiske geskjeften ifrå 2009 og fram til no, altså med samfulle 5 år av nasjonen si store diktutgjeving i bokform, alt slikt som vil vere gratis til bruk via folkebiblioteka våre.

For min del ville eg i bokomtalane mine på nettet prøve å bli både systematisk og uavhengig, og eg ønskte ivrig å gje publikum noko verdfullt via eit tilgjengeleg breitt internett. Uavhengige av forlaga og frie på nettet.

Korleis har det da gått? Aldri har eg fått klage frå poetane på det som eg har gjort, men også tatt imot lite av kommentar, dessverre. Arbeidet som eg har utført, har vore einsamt, relativt einsamt, men likevel gjevande. Og same kva har folk som driv med publisering av lyrikk, opent (og entusiastisk) sørga for å leggje ut ei lang rekkje lenker til omtalen min, ut på Dagbladets Diktkammer, og etter kvart lenker liggjande på facebook. Dessutan har forlaga, når dei strevde med lansering og venta på avismeldingar, lånt små avsnitt og kort-fatta tankar frå teksten min på nettet, til forlaget si eiga reklamering i papirbok eller i nettreklame.

Dette har altså vore eit prosjekt for meg, eit 5-årsprosjekt som no er fullført. Men nettstaden som hittil har vart i snart ti år, vil jo alltids halde fram med andre oppgåver for lyrikken som sjanger.