Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Jan 2014

Pete Seeger
Onsdag 29.

2008 og åra før
Torsdag 23.

5-årsprosjekt fullført
Tirsdag 21.

Mindre stader
Mandag 20.

Ein sirkelsalme
Tirsdag 14.

Går det bra med -?
Mandag 13.

To bokomtalar: Det evige?
Tirsdag 7.

Diktbøker i 2013
Fredag 3.

Mandag 20. Januar 2014

Mindre stader

Den rutinerte stuntpoeten Thor Sørheim fortel artig og openhjerta i eit avisintervju denne dagen korleis han fann vegen til inspirasjon for den nye diktboka si. Men det hender at ein berre skrive og at skrivinga går fort og (tilsynelatande) lett. Slikt finst det vel også mange vitnemål om, så vidt eg minnest.

Iallfall, dette diktet under er nytt frå mi side, skrive så seint som i går ettermiddag og sendt til ei avis i går. Det er kanskje tenkt som eit slags debattinnlegg eller som ei slags takk:


Mindre stader


Det brann brått i Lærdalsøyri.
Dei lokale sørga for sine
med støtte frå andre stader,
slik at Lærdal viste veg.

Senterpartiet får fred for
urbane toppar austpå.
Lærdal viser veg,
mindre stader tenkjer på alt.




Ps 22/1-14:
Diktet blei trykt på første debattside i Klassekampen denne dagen, slik eg ønskte.