Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Aug 2005

La UNION leve!
Onsdag 17.

Artikkel med kommentar?
Tirsdag 2.

Tirsdag 2. August 2005

Artikkel med kommentar?

har ein kanskje sakna? Eg vil utvide - og opne for motinnlegg etter artiklar i artikkelspalta. Motinnlegg kan skje både ved spisskommentar til ei bokmelding, eller det kan gjelde å kontre ein generell artikkel. Tilbakemeldingsspalta er der rett nok frå før, men eg ønskjer at nett-staden kan nyttast til meir meiningsbryting og vil seie ifrå om at det er slik.

Det er to måtar å gjere det på for deg, anten sende tekst pr epost - til helgeryk@kktv.no - eller du kan skrive noko inn i tilbakemeldingsspalta, som eg da kopierer for utplassering i etterkant av artikkelen. Vi er samde om dette og gjer det ikkje meir innvikla enn det.


Ps 8. august:
A propos venner (eit heilt nytt dikt om pub-poetar):

Alfred Nobel fann opp dynamitten, sprengstoffet som revolusjonerte vegbygging, husbygging og gruvedrift. Nobel var, som vi veit, glad i vitskap og skjønnlitteratur... Når eg opptrer med pubpoetar, mine venner, i Kragerø, skryt ein av oss av at han har vori skytebas (i tillegg til miljøforsvarar), ein annan av oss skryt av at han var jarnarbeidar (og han ER ekte Kragerøgut), medan eg som var skolelærar ikkje har skrytt av akkurat det. Men no vil eg skryte skikkeleg og ta igjen med dei to andre, med dette pubpoetdiktet.

Olaf Lundheim var ein skytebas. Åsen sveisa jarn.
Og eg, eg sveisa skoleborn
og sprengde tull og fjas

Alle tre skreiv dikt og rim til eg blei nesten galen.
Fiendar det hadde vi nært opp til optimalen

Olaf lundheim var ein skytebas. Åsen sveisa jarn.
Og eg, eg sveisa skoleborn
og fjerna mas og kjas


Ps 3. september: Artikkelen min om Erling Indreeide si bok har no fått eit tilsvar via tilbakemeldingsspalta. Det er bra. No er vi i gang.