Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Jan 2014

Pete Seeger
Onsdag 29.

2008 og åra før
Torsdag 23.

5-årsprosjekt fullført
Tirsdag 21.

Mindre stader
Mandag 20.

Ein sirkelsalme
Tirsdag 14.

Går det bra med -?
Mandag 13.

To bokomtalar: Det evige?
Tirsdag 7.

Diktbøker i 2013
Fredag 3.

Tirsdag 14. Januar 2014

Ein sirkelsalme

I Monica Aasprongs nye dikt kjenner lesaren igjen det råe og strøymande frå hennar store prosjekt Soldatmarkedet frå nokre år tilbake. Også i den siste boka, frå 2013, slepper ho laus ein foss av bokstavar og småord, å sjå til utan stopp og byrjing. Boka har fått tittelen Sirkelsalme. Formatet er ei spiralhefta diktbok, utan å opplyse om bokstart og bokslutt (og ikkje berre utan sidetal). Og eg går inn i boka ved avdelinga ”jeg så en sky”, på nødvendigvis tilfeldig valt plass å starte lesinga frå:


jeg så en sky som var så liten
jeg så en sky som virket sliten

jeg så en sky som var for lett
jeg så en sky som var så tett

jeg så en sky som var så mørk
jeg så en sky som hang til tørk

jeg så en sky som skulle regne
jeg så en sky som kunne tegne

jeg så en sky som hadde kropp
jeg så en sky som løste seg opp

jeg så en sky som sto i brann
jeg så en sky som gikk i land

jeg så en sky som styrtet mot jorden
jeg så en sky som kom med torden

jeg så en sky som lå i en kropp
jeg så en sky som gjorde et hopp

jeg så en sky som ropte: kom!
jeg så en sky som laget flom

jeg så en sky som gikk i spinn
jeg så en sky som kom med vind

(....)


Når eg vel å sitere hit, er også det nokså fritt. Eit lengre dikt blir dette, og ”jeg så en sky” held fram nokre boksider før ein ny variant av ordval og rytmelikskap startar. Komposisjonen i boka får ein eigentleg ikkje finstudert så fort. Men for lesarane av vers-linene alt siterte blei det snart klårt at det fanst både noko lettare bibelsk og somt apokalypisk til stades.

Verstypen her i Sirkelsalme, som er einsarta (eller nesten einsarta) gjennom boka, kjennest meir konservativ enn radikal. Og beslekta verstype fanst til dømes i julesongen ”Et barn er født i Bethlehem”, når ein berre held utanom ein kort repetisjon ved nr 1.-lina og dertil sløyfer eit kort refreng etter nr 2.-lina, dvs ”halleluja, halleluja”.

I boka Sirkelsalme er salmetonen montert på våre dagar si sterke otte for naturmiljøet.

For lesarar av poeten Monica Aasprong som ser på henne som avantgardistisk, så er det moglegvis uventa at ho tyr til eit såpass eldre versspråk. Men det er slett ikkje noko nytt at avantgardistar forsyner seg av heile feltet av verkemiddel og med bråfreske måtar derpå slepper laus poesispråka som er blitt fanga og låste inne, for at dei skal bli frie igjen. For å kunne greie denne oppgåva må det da sprengstoff til frå poeten si side, og det er dette som Aasprong tar fram.






Ps 16/1 2014 (med teori som ingen forstår):

I praksis kan du prøve å synge «jeg så en sky» på melodien til «Et barn er født i Behlehem». Da ser du korleis det blir, med teksten i t.d tredje strofe:

jeg så en sky som var så mørk
som var så mørk
jeg så en sky som hang til tørk
halleluja hallejuja


Vil du opplysast om korleis verssoga er? Da snakkar vi om parvise liner som kan stå for seg sjølve og rimer på kvarandre slik som hos Aasprong. Vi ser den såkalte ”Fire-fire-gruppa”, oppkalt for Norsk verslære av Hallvard Lie, på side 368. Formelen for diktgruppa er 4/4x aa, eller den kan vere 4/4x(x) aa: meir fleksibel og dynamisk. Tala (4) er da stavingar med trykk på kvar line, medan bokstaven x skal syne trykklett staving, eller fleire trykklette, som er imellom dei trykktunge. I «jeg så en sky» er det oftast brukt berre ei trykklett staving etter trykktung, men unntak blir gjort. Aasprong nyttar den dynamiske varianten i det lange diktet sitt.

Bokstavane ”aa” til slutt er dei såkalte mannlege rima, einstavings-rim, som svarar til døma ”lett/tett” eller ”mørk/tørk” over hos Aasprong. Eit identisk døme er rimparet fred/sted. Poeten Inger Hagerup, som ofte skal nytte svært klassiske strofeformer, ho har følgjande oppskriftsmessige modell i diktet ”Som løfter” (diktliner som Hallvard Lie tar med):

Der fins en evighet av fred
bak alle stjernene et sted.


Oppskriftsmessig nok, men også elegant. Forfattaren Ingrid Rishøi, som er i gong med å gjenopplive ”rimsjangeren”, seier i eit avis-intervju nyleg at Inger Hagerup (sitat:) ”representerer ein tradisjon som starta for lenge sidan. Men rimsjangeren har lege daud ei stund og har fått ufortent låg status dei siste 30 åra.”(sitat slutt). Ei kjelde for meg, Hallvard Lie, peiker på i verslæra hans frå 1967, at songteksten ”Et barn er født i Bethlehem” går heilt tilbake i tid til latinsk salme frå det 15. århundret.

Eg er samd med Rishøi. Ein tradisjon er det. Og det er samtidig eit handverk som få etter 1967 har brydd seg med, iallfall i teorien, og også dessverre for Noreg.