Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Jan 2014

Pete Seeger
Onsdag 29.

2008 og åra før
Torsdag 23.

5-årsprosjekt fullført
Tirsdag 21.

Mindre stader
Mandag 20.

Ein sirkelsalme
Tirsdag 14.

Går det bra med -?
Mandag 13.

To bokomtalar: Det evige?
Tirsdag 7.

Diktbøker i 2013
Fredag 3.

Tirsdag 7. Januar 2014

To bokomtalar: Det evige?

Det er komme ein antologi på norsk med bosniske gravskrifter frå åra 1200-1500, gravskrifter som finst på steinar eller steinkister. Eg startar med eit døme:

HER LIGGER IVAN
PÅ SIN EGEN JORD

BRØDRE OG FRENDER
SØRG OVER MEG

JEG VAR SOM DERE
OG DERE SKAL BLI
SOM MEG


Sluttstrofa ”JEG VAR...” er det vi kan kalle ein formel, altså brukte av mange på gravskrifter, slik formlar er vanlege i folkekunst. I Bosnia blir gravskriftene kalla for stecci, og gravskriftene er så viktige for landet at dei har blitt trykte på samtlege bosniske pengesetlar. Stecci “betegner enhet i mangfold”, seier dei to dyktige og intense gjendiktarane/ redaktørane for denne antologien, Dina Abazovic og Øyvind Berg. Her er eit nytt døme:

IVAN MARSIC

LENGE LEVDE JEG PÅ JORDA
ÅTTIÅTTE SOMRE

OG INGENTING TOK JEG MED MEG


Dette er utan ironi, forklårer Abazovic og Berg i ein av dei mindre notane. Gravskriftene er iallfall overvegande sindige og jordnære. Minnesmerkene er reiste av velståande personar, noko som er å vente. Viktig å merke seg er at tradisjonen med skriftene manglar ikkje på konkrete opplysningar, heller ikkje ser ein fåfengd etter vidsyn eller humor.

Som vi veit er Europas Balkan eit skjæringspunkt mellom tre verds-religionar sin plikttruskap. Bosnia er nok krumtappen i dette. Da er det underleg å sjå gamle gravsteinar frå eldre urolege tider utan våre dagar sine peikande kors og gravalvor. Antologien har tittelen STECCI og undertittelen Ikke rot med knoklene mine (som er eit sitat frå ein grav-stein).. Steinsorten som er brukt i Bosnia, er for det meste kalkstein, i somme tilfelle granitt eller skifer.

Redaksjonen har gått solid til verks med det reint kjeldehistoriske for denne boka. Og ein ser at dei gamle skriftene er interessant litteratur om liv og død også for oss som lever no. Merkar ein slags verdslitteratur. Enkelte vurderte gravskrifter er lengre enn dei som er presenterte over, og ein god del lengre enn slike som denne her:


HER LIGGER
DABIZIV RADOVANOVIC

MENNESKE
VÆR MILD




Litt om Wardenærs bok


Så vil eg gjere eit kvantesprang i omtalen min. Til noko definitivt nylaga. Torild Wardenær skriv i den siste boka si Passord: Kairos om kanskje det motsette av steinkister og gamle kjelder og tidlege skrifter, ja, heller om det som er lagt inn i den kosmiske framtida:

Øvingsrom



Vi bærer tunge objekter gjennom tid og rom

øvingsrom, hulrom, verdensrom

enerom og venterom

i tidsrom etter tidsrom.


Stjernene stirrer ned i sjøen.

Den uhyrlige muligheten finnes;

at vi en dag ikke vil være her mer

heller ikke noe annet sted.




Å stille heilt ulike rom ved sida av kvarandre slik som poeten gjer, gir meg noko overraskande. Også slike dikt kjennest som vel verde å tenkje over... Gjennom fleire diktbøker er Toril Wardenær stadig blitt kjend for si interesse for vitskapelege nyvinningar i fysikken, jfr samlinga frå 2011: Mens Higgsbosonet knager. Til dømes.

Også Wardenær kan by deg mykje lengre dikt enn det nett siterte. Elles kallar ho samtlege av dei førtito dikta sine i Passord: Kairos for ”arvestykke” på ein heller demonstrativ måte.