Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Des 2013

Du bestemmer
Tirsdag 31.

Reise i lyrikken
Mandag 16.

Kven har skrive dette?
Torsdag 12.

Flamme er fem år
Tirsdag 3.

Mandag 16. Desember 2013

Reise i lyrikken

Det er mange vegar å ta for lyrikken. Eg skal nemne tre vegar tatt:

Det mest kjende her er at Ruth Lillegraven gjekk frå overtydande urban beat til ein meir klassisk norskprega, men stadig fengande, litteratur i Urd, no dette året.

Rebecca Kielland forlet rast ved Prøysens sin arv (på fleire måtar) til ein friare mainstream poesi. Sjå elles Trond Haugen si melding i Morgenbladet.

Jo Eggen held fram med sin geografiske dikt/observasjon, tematisk tøyla, frå boka Stavkirkedikt i 2010 til samlinga i år: Øydikt. Dikta til Eggen, begge desse gongane, har historisk demensjon med ei viss open reise- og turistinteresse. Det byrjar med tre dikt frå runde øya Bornholm, boka er elles innom m.a Tromsø, store Nord-Irland og derpå Hovedøya, og innom Westhafen og Mallorca. Det aller siste diktet i boka må vere syrisk, ”Kurvbærersken”, men kunne vel vore irakisk (om du ville reise dit):


Templet er borte
funnstedet er ukjent
templet som fyrsten Jamutbud
og sønnen Rim-sin fikk reist
hun har det notert på skjørtet
1700 eller 1800 før Kristus
det var det kurvbærersken skulle fortelle
med kurven av siv forvandla til bronse
hun forvandla til bronse
skulle fortelle om det
om fyrsten og sønnen til fyrsten
og templet de fikk reist
hun som ikke er hun
men pant for et lån
av sølv eller bygg
det er hun som bærer det
det er hun og hennes skrift
pinneskygger i elveleira