Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Des 2013

Du bestemmer
Tirsdag 31.

Reise i lyrikken
Mandag 16.

Kven har skrive dette?
Torsdag 12.

Flamme er fem år
Tirsdag 3.

Tirsdag 3. Desember 2013

Flamme er fem år

Det nytenkjande Flamme Forlag er blitt 5 år og feirar jubileumsfest på laudag f.k, på Blå, i Oslo. Av festprogrammet merkar vi oss eit politisk foredrag av Kjartan Fløgstad med to opponentar. Vidare er ein programpost som blir kalla geografihalvtime, spennande med dei to Flamme-forfattarane Victoria Durnak og Ingrid Furre. Poeten Jan Erik Vold les «folkets favorittar». Og mykje meir står på.

Det byrjar rundt 14.30/1500. Og her er heile programmet .





Det skjer også på Cosmopolite (Oslo). Torsdag tar folk det solide opplegget med På stengrunn & eviggrøne Rudolf Nilsen-tekstar. Lillebjørn Nilsen har dessverre sjukdomsforfall, men alle dei andre stiller: Jon Arne Corell, Kari Svendsen, Lars Klevstrand, Steinar Ofsdal og Carl Morten Iversen. Fleire detaljar her.

I følgje ny annonse i dagens Klassekampen er det ny konsert med På stengrunn i dag, fredag 6. desember, på Cosmopolite.

På stengrunn er opphavleg tittelen på det første diktet og tittel-diktet i den første boka som markerte Rudolf Nilsen sitt inntog på arenaen Gyldendal. Rudolf Nilsen voks opp i Oslo, og han reiste mykje som ung journalist.

Riktignok passar teksten ikkje fullt så godt på Oslo aust i dag som da, men du verda så godt teksten passar på kloden i dag:

De unge bjerkene i svarte byen
de står og bruser med sitt lyse løv,
som om de åndet store skogers vårluft
og ikke skorstensrøk og gatestøv.

Sjølvsagt tar vi med også resten av strofene:

De løfter tappert sine tynne grener
og lar dem svaie under vårens sus
og varme sig i solens gode stråler,
som flommer inn imellem gatens hus!

Men de blir aldri som de store trærne,
som står og suser ute i det fri.
Slik er det når man vokser op på stengrunn
og bare har en drøm om skog og li.