Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Jul 2005

Festivaltid og visesongtid
Torsdag 28.

Kunst- og litteratur saman?
Lørdag 9.

Ein filosofi-artikkel
Søndag 3.

Torsdag 28. Juli 2005

Festivaltid og visesongtid

Alle har hatt konsertar, slik er det å leve i ein heimsøkt ferieby som Kragerø er i godveret. Men artistsesongen har kulminert. Dei aller heitaste namna har vori de Lillos, Madrugada, Vamp og Bjørn Eidsvåg. (Ingen av dei var det plass til innafor telt, dette blei nok ikkje eingong prøvd.)

Jan Eggum har haldi tre innekonsertar og Lillebjørn Nilsen to ute. Drangedal Bortforklaring har igjen hatt svært mange kabaretshow i Knivstikkarsmauet. Dei har tatt eit steg vidare inn i sjølvironi og det intime, noko som er tida sitt eige språkområde, og må halde mange ekstra-konsertar. Generelt har godlatteren sitti laust på alle arrangement i Kragerø, og artistane har prata med publikum og vori lite sjølvhøg-tidelege. Korleis har tekstane i songane vori for ein som legg vekt på dette? Korleis har songlyrikken vori?

Musikken er ofte bra, fengande og fantasifull, men dei lyriske tekstane til visesongarane har varierert mykje, ikkje alle artistar er like gode som Jan Eggum eller Jan Erik Vold med Kåre Virud eller har like gode tekstar generelt som Øystein Sunde plar ha, og han er omtrent den einaste som ikkje gjestar Kragerø om somrane, kvifor gjer han ikkje det.

Vi har fått med oss kost oss med både jazz og jatt frå Hege Saugstads Band (tre konsertar i kommunen på tre dagar). Til laurdag kjem Hot Club de Norvege med gjestesolistane Ola Kvernberg og Bjørn Vidar Solli. Dei er verdt 250. Det blir 170 for klubbmedlemmar. Jazz høyrer jo med på litterære arrangement i hovudstaden, såvel som på sommarleg pub langs kysten.

(Tilbake til songlyrikken, bl.a desse har også ein plass på Kragerø-plakaten: Anne Grete Preus, Jonas Fjeld, Ole Paus, Alf Cranner, Kåre Virud, Hilde Heltberg, Henning kvitnes, Maj Britt Andersen, Gõran Fristorp, Unni Wilhelmsen, Odd Børretzen og Lars Martin Myhre, Sondre Lerke og Julian Bentsen, Steinar Albriktsen, Lars Klevstrand & Alfred Jansen & Carl Morten Iversen. Kari Svendsen og Jørn Simen Øverli plar vere på scena, men ikkje der i år. Folk med bra tekstar. Har Vinje-mannen Geir Lystrup vori her? Sjølvsagt ein favoritt for meg. Halfdan Sivertsen har aldri blitt invitert hit om sommaren, passar ikkje bodøartisten inn på den blide sørlandskysten? For noko tull!)

- - -
Og her kjem så poenget mitt med denne artistrapporten frå juni/ juliprogrammet - at ein på ein simpel og folkeleg måte kan sanne noko av det som finst påvist i Eivind Røssaaks nye bok Selviattakelse - en tendens i kunst og litteratur, ei bok som eg elles har sendt tilråding for, i artikkelspalta.