Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Nov 2013

Kva skjer med kunstnarane?
Fredag 15.

Digitalt og visuelt møte
Torsdag 14.

Krigsspel og Tu Fu
Onsdag 13.

Det frie ordet blir fengsla
Tirsdag 12.

Sherko Bekas
Fredag 8.

Stor poesifest
Mandag 4.

Tirsdag 12. November 2013

Det frie ordet blir fengsla

Ei gruppe på 6 tyrkiske journalistar har fått dryge livstiddommar i tyrkisk rettsvesen, melder den norske penklubben . Og Brit Bildøen følgjer opp ein kronikkplass på side 3 i Klassekampen på laurdag. Bildøen nemnde også at den godt kjende 91-årige tyrkiske diktaren Yasar Kemal var i Molde på laurdag for å få Bjørnsonprisen, han som skreiv Tistlene brenner. Og i den same aktuelle kronikken er Bildøen inne på det norske stats- og kongebesøket nett i Tyrkia.

Tyrkia er medlem av NATO og snusar på EU. Strenge terrorlover i Tyrkia rammar både journalistar og forfattarar, sjølv om dei tyrkiske journalistane (og forfattarane) aldri eller neppe er det vi meiner med terroristar her i landet.

Den tyrkiske poeten Nazim Hikmet, som blei fødd i 1902, sat lenge i tyrkisk fengsel og kommenterte både livet og det spesielle livet som fange. Det følgjande er utdrag, skrive 24. september 1945, frå ”brev og dikt til kona hans frå fengselet”.

Det beste havet: har enno ikkje blitt kryssa.
Det beste barnet: har enno ikkje blitt født.
Dei beste dagane: har enno ikkje blitt levde;
og det beste ordet som eg ønskte å seie deg
er ordet som eg enno ikkje har sagt.


Desse utdraga blei omsette til engelsk for verket Modern Turkish Poetry (1992) av Richard McKane, som eg har bygd på her. Nazim Hikmet - han døydde i 1963 - sat lenge i fengsel. På datoen direkte etter datoen over (i 1945), nemleg 25. september, da skreiv Hikmet følgjande ord for kona si:

Klokka er ni.
Det ringde i luftegarden.
Dei lukkar celledørene snart...
Denne gongen har eg vore inne heile
åtte år.
Å leve er arbeid og håp, mi kjære.
Å leve, som å elske deg, er oppriktig arbeid.