Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Okt 2013

Poesibok-snakk og poesidommar
Fredag 25.

Fribyforfattarar i Trondheimsfest
Torsdag 24.

Ei mor sin Alzheimersjukdom
Søndag 20.

Ny inspirasjon, nytt klårsyn?
Søndag 13.

Vitskap ut i dikt?
Torsdag 10.

I Odda skjer det igjen
Lørdag 5.

Galleri Norske G
Tirsdag 1.

Fredag 25. Oktober 2013

Poesibok-snakk og poesidommar

På nettstaden min står eg fram som uavhengig, veit eg, når eg skriv om nye og eldre diktbøker. Det har eg prøvd i snart 10 år.

Uavhengig - kan det vere korrekt? Sjølv har eg til no gjeve ut, t.d på eit stort forlag (dvs Aschehoug), i alt seks diktbøker, pluss at eg har avtale om ei bok til med dikt, altså på mitt faste forlag gjennom eit par tiår. Men forlaget og eg samarbeider berre om mine utgjevingar på forlaget. Nettstaden min har derimot ingenting med Aschehoug forlag å gjere.

Etter tida mi i yrkeslivet som tilsett i offentleg verksemd lever eg no på ein (for meg) god offentleg alderspensjon og er dermed til slutt blitt økonomisk uavhengig av mykje ”brødslit”. Så det er ikkje så altfor vanskeleg heller - å vere uavhengig. Dette forklårer eg for at ingen skal tru at eg er ein bokbloggar som har inntektsbringande og løynd avtale med forlag. Ingen skal tru at eg er ein bloggar som vil bøte på (eller kanskje heller utnytte til eigen fordel i løynd) den uheldige situasjonen at riksavisene ikkje satsar mykje på solide meldingar av dikt, og iallfall ikkje av heile den samla sjangren dikt.

Rett nok kunne det for meg vore ein tanke å støtte poet-emne på mindre (og unge) forlag med bokmeldingar, framfor å bruke altfor mykje tid på dei mektigaste forlaga. Ja, mindre forlag kan vere slike forlag som Tiden, Flamme, Communicatio, Bokvennen, Margbok, Nordsjøforlaget og Wigestrand m.fl. Men det er heller slik at dei små med sine mindre samla musklar når like mykje fram, eller like lite fram, med diktbøkene sine som dei mektigaste forlaga gjer, fordi desse siste bruker så få av musklane sine på dikt-sjangren. Så for tida går det omtrent opp i opp med «liten»/«stor» for meg. Det er altså ingen spesiell grunn til å skilje på forlaga når det gjeld dikt. Ikkje når det gjeld kvalitet på boka. Og: Ikkje særleg når det gjeld lanseringskraft. Heller skulle vi gå etter og sitere og omtale god poesi da, uavhengig av forlag for dikta.

Klarer eg å vere uavhengig, uhilda og rettferdig? Sjølvsagt tar eg poesisynet mitt når eg peikar på det nyskrivne; det er eit poesisyn slik alle har sine preferansar (sjølv om folk neimen ikkje er fullt så altetande som meg når det gjeld lyrikk). Oppsummert: Etter debut sjølv som forfattar tilbake i 1966, og etter at eg har lese mykje poesi i dei mange åra sidan, og bøker frå det siste decenniet systematisk, så veit eg godt at

1. Eg er ofte på sporet av det avantgardistiske, det vil bortimot seie det originale. Grunnen til det er 1960-åra mine, som ein første bagasje.

2. Er ikkje ute etter å krevje ein definert stil i poesien. Tvert imot prøver eg heller å godta og dermed utvide stilrepertoaret i norsk lyrikk, noko som er blitt naturleg for lyrikk i og etter (og atter igjen i) nettopp slikt som avantgarden og liknande.

3. Er imponert av det konkrete (ny sansing). Og eg blir imponert av den sjølvstendige montasjen og nye tema i poesien. Montasjen kan eg finne også der ein ikkje først venta å finne han.

4. Eg er mest interessert i å presentere gode dikt og skape interesse eller entusiasme for det beste og det nye. Sjølv i den minste poesisjangren. I den gjevne tronge tilstanden - i media - er det mindre gavn i å forvanske poesien eller snakke ned poesien enn å bruke henne.


________________
Ps 7.september 2015:

Ein delplan? halvvegs var det eit stunt: Fram til januar 2016 vil eg finne fram til den aller beste poesien på norsk frå 2015.