Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Okt 2013

Poesibok-snakk og poesidommar
Fredag 25.

Fribyforfattarar i Trondheimsfest
Torsdag 24.

Ei mor sin Alzheimersjukdom
Søndag 20.

Ny inspirasjon, nytt klårsyn?
Søndag 13.

Vitskap ut i dikt?
Torsdag 10.

I Odda skjer det igjen
Lørdag 5.

Galleri Norske G
Tirsdag 1.

Søndag 13. Oktober 2013

Ny inspirasjon, nytt klårsyn?

Vi er midt i oktober, dei fleste «Indian Summer»-forsøka på desse kantar av landet er endt, og ein ventar på at landet skal få ny regjering. Reisa vår til Indiana blei sluttført med lang flytur for to veker sidan. Heilt nyleg var eg i eit gullbryllup, der mannen på mi venstre side kom rett frå jakt. Det var ikkje snurten av elg å sjå i distriktet, fortalde han, derimot hadde sonen hans same dag skote ein hjort, ein kraftig bukk som kom rett i mot. Når vi snakka om jakt, måtte eg tenkje på den intense diktsamlinga av Kristin Berget frå i vår.

Ny regjering er på plass om eit par dagar. Det er kanskje opplagt at situasjonen i landet kallar på poetane nett no. Desse dagane så forsyner Jan Erik Vold debattspaltene i Klassekampen med eit fyndig haiku-liknande dikt kvar dag, ikkje heilt ulikt den raptusen som Jo Eggen hadde for lengre tid tilbake. Vel, her kjem det korte jev-diktet som sto på laurdag:


fra formynderstat
til tillit, vårt politi
vil bli væpnet


Eit aktuelt og underfundig innlegg, skulle det vere. Ja, det blir slik at ein ventar på neste avis si debattside. Dette får bli nettstaden sitt aktuelle haustdikt... Det er ikkje tilfeldig at avantgardisten Jan Erik Vold slår til med ei heilt ny diktform (ny også for han) når den politiske situasjonen endrar seg så radikalt og krev nytt verkty som inspirerer poeten og motstanden. Eg tenkjer på dei fløymande frie formane i politiske IKKE Skillingstrykk fra nittitallet, som blei følgd av Kalenderdikt og førte til ein lang debatt.

At poetane veit å formulere eit klårsyn, ser ein også når ein vrir over til kronikken på side 3 i same avis, same dato, der Brit Bildøen skriv «Ein annan dans», eit treffsikkert portrett av partiet som går inn i regjeringa. (Men eg har inga lenke dit, dessverre. Finn avisa.)



[Tileigna Thore Sveberg, som peika, for meg, på Bildøens politiske portrettering.]




Ps 16/10:

Dette er dagen for presentasjon av H og Frp si regjering. I går svarte Erling Andersen på Jan Erik Volds engasjerte haiku med følgjande innsnevring (eit norrønt kvad?):


Høstens tapere
venter på neste valg
Øvelse gjør mester


Straks, allereie i dag, kjem poeten som er busett i Sverige, ut med folkeopplysning og eit svar på konkret vis. Tre haikulinjer syner kva han krev:


først fem stavelser
deretter syv stavelser
så fem stavelser



Og ps 24/10:

Debatten om regjeringa i Noreg held fram, og debatten om haiku heldt fram i Klassekampen. Samstundes produserer Jan Erik Vold nye haukuar for debattsida, til dømes ein «Reklamehaiku» i dag, med god linedeling og fall mellom linene:


«Hver fjerde ny statssekretær
kommer fra PR-bransjen»


reklame gjelder
som sannhet, det lærte vi
av joseph goebbles