Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Jul 2005

Festivaltid og visesongtid
Torsdag 28.

Kunst- og litteratur saman?
Lørdag 9.

Ein filosofi-artikkel
Søndag 3.

Lørdag 9. Juli 2005

Kunst- og litteratur saman?

Eivind Røssaak kom med ny bok juni: «Selviaktakelse - en tendens i kunst og litteratur», dette er første band i ein serie tilstandsrapportar frå Norsk Kulturråd. Han doumenterer det som eg ofte har regisrert på nettstaden her, i min eigen lyrikkpraksis og i den etter kvart almenne tilbakevendinga til 1960-åra sin praksis, berre det at Røssaak tar for seg hovudsakleg roman (Solstad, Loe m.fl), ikkje lyrikk bortsett frå Stig Larsson (og litt om Fredrik Nyberg), men film, fjernsyn og foto (mykje om Vibeke Tandberg). Her er eit intervju med Røssaak. Eg vil helst ha boka og lese henne i bokform før eg lagar ein artikkel og ein nærmare analyse. (Grunnen til at Røssaak ikkje har tatt føre seg den norske lyrikken, er kanskje at dei estetiske tendensane har gjort seg mindre gjeldande her, eller at den norske lyrikken er meir uoversiktleg eller mindre interessant og for seindrektig? Eller, som ei siste gjetting, at han ikkje vil gå meg, som han kjenner, og lyrikknett-staden min i næringa eller, for den del, bruke Rune Christiansen, som han også kjenner, som viktig døme i fotefara til Larsson?)

Eivind Røssaak drøftar viktige vendingar i norsk kunst/litteratur, og han viser samtidig til tilstandsanalyser gjort av andre i seinare tid, nemleg:
- ei vending til biografi (Siss Vik, 2002)
- ei vending til kroppen (Jon-Ove Steihaug, 1998)
- ei vending til personleg risiko (Eirik Vassenden, 2003)
- ei vending til «virkelighetsfascinasjon» (Geir Gulliksen, 1996).


Ps 26/7: Eg har no lagt ut ein heil artikkel om Eivind Røssaaks bok i Artikkel-spalta. Og det kjem meir...

Ps 31/7: Også del 2 av artikkelen er langt ut. Ambisjonen for artiklane var å få stoffet oversiktleg og opent for dialog. (Men det er ikkje lett?)