Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Sep 2013

Love & loveless love
Søndag 29.

For full hals
Torsdag 26.

Lars Ove Seljestad med fabrikkdikt
Søndag 15.

Tidsskrift - om blues
Fredag 13.

Jan Wilsberg etter st.t.valet
Torsdag 12.

Augneblinkane
Onsdag 11.

Søndag 15. September 2013

Lars Ove Seljestad med fabrikkdikt

Dei siste dagane har eg sitert poesi som fortel soger. Dette gjeld både St.Louis Blues og Jan Wilsberg og Wislawa Szymborska... Her kjem eit dikt av dette året frå Lars Ove Seljestad. Han er kjend frå før som romanforfattar og har skrive ei heil bok med fabrikkdikt, tittelen er Storspring. Denne forfattaren bruker kraft i diktinga si, samtidig som ho uttrykkjer noko sårt og spørjeaktig. Slik lyder side 56 (og du kan gjerne lese høgt):


Fabrikken syg fintfolkfraktande tippoldebeste
ut av skysskarens sesongslitne dress. Syg
amerikautvandra oldebeste ut av farmarens
frynsete overall.

Fabrikken syg besten inn i Cyanamidens
svartflyktige støvete hallar. Syg
far inn i Smeltehusets wattsterke varme. Syg
bror inn i Kalkomnens råsteinsraslande ro.

Fabrikken syg meg inn
i sveittestøvete sommarjobbar
Ein flyktande sesongarbeidar
i dongeriblå dress



__________________
Frå det eine til det andre:

Stavanger har internasjonal festival for litteratur og ytringsfrihet som går frå 18/9 til 22/9 og altså byrjar onsdag.