Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Aug 2013

Stor poesifestival
Onsdag 28.

Arne Nordheim i fokus
Lørdag 24.

Dei med ein svak karakter
Fredag 16.

Grovt øye
Lørdag 10.

Poesi 13/8
Fredag 9.

Overraskingar i vente
Tirsdag 6.

Åremålsdagen (5.august)
Søndag 4.

Lørdag 10. August 2013

Grovt øye

Ein ting er diktsamlingane som kjem i haust, sjå «Poesi 13/8». Noko anna er vel dei diktbøkene som alt er komne i 2013, ta til dømes Vemund Solheim Ådland si nye (som er den første av han sidan 2007). Solheim Ådland har både ei sterk språkkritisk åre, jfr frå debuten SEP PRAN EK, men forfattaren er samtidig ein av dei originalaste surrealistane i norsk poesi, noko som kjem godt fram i boka av året, som er dikt med den treffande tittelen GROVT ØYE. Dikta har svært ulik lengde, men la meg sitere eitt:

Venner er kalk. vanlige penger er skarpe. glatt, pen,
stikkende hår i nesen og på fingrene. Syn - innerst.
Tok. Vant mye på det. Profesjon. Teft. Siv. Leste en
kjent ire. Flyt. Gammelt høyvann. Skog i brystet.
Tall. Såle.


Siv (i diktet) er ein brukt hovudperson i boka. Elles meiner eg at Solheim Ådland har mindre «klassiske» føringar enn surrealist Georg Johannesen; men i diktet over vrimlar det av sansingar, av skarpe ord og artige tilvisingar. Når eg skriv at «grovt øye» er treffande sagt, så meiner eg da ikkje «grovt» i tydinga upresist sett, men at ein våger å sjå og stå ved det ein sansar/tenkjer.




__________
Ps 13/8-2013:
I meldinga si for Morgenbladet så prøver Trond Haugen å skildre skrivemåten og utviklinga hos Solheim Ådland .