Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Aug 2013

Stor poesifestival
Onsdag 28.

Arne Nordheim i fokus
Lørdag 24.

Dei med ein svak karakter
Fredag 16.

Grovt øye
Lørdag 10.

Poesi 13/8
Fredag 9.

Overraskingar i vente
Tirsdag 6.

Åremålsdagen (5.august)
Søndag 4.

Søndag 4. August 2013

Åremålsdagen (5.august)

Etter fellesferien går sommaren inn i ein ny fase. I sommarparadiset teller forretningslivet pengane, og det blir færre høgmasta seglbåtar å sjå langs bryggene og mindre trafikkork og tempo å møte på sjøen; men veret er jo like bra. For lyrikken har ikkje sommaren vore noka høgtid, med klårt unntak for songlyrikken.

Nei, eg har ikkje registrert rekordmange oppdrag for poetane denne sommaren. Dessverre. Kanskje har sommaren for lite med moderne nyskriven lyrikk å gjere?

Derimot er jubilanten Ivar Aasen i skotet. Avisa Klassekampen melder om eit arrangement i Oslo på sjølve åremålsdagen for Ivar Aasen. Det heiter der (i avisa, fredag):
Mållaga i hovudstaden markerer åremålsdagen for Ivar Aasen med nedleggjing av blomar på grava. Svein Erik Brodal, Ragnfrid Trohaug og fleire bidreg med diktlesing og innlegg.

Stad: Vår Frelsers gravlund, ved Aasen-bautaen.
Tid: 16.30.



Dagens dikt? Mange sitt favorittdikt av Aasen er «Sumarkvelden»:

Velkomen atter hit til vaara Grender,
velkomen her, du sæle Sumarkveld,
med Lauv og Gras ut yver alla Strender
og gule Blomar i den grøne Feld,
med lette Smaasky, lagd i langa Render
som Traadar i det høge Himmel-Tjeld,
og med den milde Ljosken, som seg breider
ut yver Fjell og Fjord paa alla Leider.

Her er so ljos ein Lit paa alle Grunnar
for ljos til Natt og mesta dim til Dag.
Dei stille Votni standa blaa som Brunnar,
og Fossar syna seg i kvite Drag.
Det myrkjer i dei tette Holt og Runnar;
det ljoskar i dei blakke Bygdalag.
Den ljose Himmel speglar seg i Sjoen
og blikar mildt i Doggi yver Moen.

Her glytter Ljos igjenom tusund Gluggar
imillom Lauvet i den tette Lund.
Inn under Bjørkom standa ljose Skuggar
rett som ein Flekk um Roti, lett og rund.
Det gustar ingen Vind, som Toppen ruggar,
i denne kvildarrike Nattarstund.
Den snøgge Fuglen kurer trøytt av Dagen,
og rosutt Fivreld' roar seg i Hagen.

Den sidste Sol-Blenk er i Havet sokken,
den fyrste kjem snart or den laage Grop;
ein Dag er tendrad, fyrr en hin er slokken,
og Kveld og Morgon renna heilt i Hop.
Snart vaknar upp den kvilde Fugleflokken
og helsar Morgonen med Glede-Rop.
So riser Soli til den lange Svingen
og set ein annan Lit paa heile Kringen.

Kom, lat oss nøyta Tidi, som ho skrider,
og minnast, at ho skrider ofsa fort.
Med kvar ein Dag, med kvar ein Kveld, som lider,
eit Stig mot myrke Vetteren er gjort.
Det kjem ein Dag, daa kvar ein Blom, som bider,
er fallen av; og slikt eit Fall er stort.
Di skal eg sjaa paa Blomen, fyrr han blaknar,
og nøyta Sumar'n, fyrr eg honom saknar.



I dag - 5/8 20013 - kom heile landsdelsavisa Bergens Tidende på nynorsk.