Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Jul 2013

Plastarmadaen og juli
Søndag 14.

Skåtøy vise- og poesifestival
Mandag 8.

Abeidardiktar eller systemdiktar?
Tirsdag 2.

Søndag 14. Juli 2013

Plastarmadaen og juli

Det er varmare enn vanleg i juli, og Kragerø er sommarbyen igjen. Den tradisjonelle svensktopp-bølgja med «guldbruna øgon» nådde Tåtøy i går, der lokale Bernt Henningz spelte opp. Dette er eit stort og relativt nytt orkester, bunta saman av folk som frå før er kjende for andre sjangrar, m.a. jazz og pop... Svensktopp-bølgja omfattar kanskje ikkje dei aller yngste av oss, men tek iallfall med folket frå 40 og oppover (langt oppover) og er derfor noko sosialt og saman-bindande, passar godt til juli, som den varme månad.


Midt-i-juli - her ved den milde kysten - er før blitt karakterisert av meg på ein slik måte som i denne strofa, produsert ti år tilbake:



Også dei barnefødde kjem fram med sine ferieinteresser og går i
eitt med reisehop i P. A. Heuchs gåande gate. Hopen er god for visesongarane og grei for fortøyde høgmasta seglbåtar. Da fyllest øyferjene så vel som bryggebarane og den tyngre plastarmadaen og golfbanane. Og plankebyen, med industrien i periferien, liknar på Saint-Tropez, - enda det fattigslege kryp i vakre verna gater og skeive smau


(---)





Ps 16/7:

Det skjedde meir på Tåtøy laurdagskvelden. For Jon Almaas, som ferierer på Tåtøy, forklarte korleis namnet på Tåtøy kom til .