Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Jul 2013

Plastarmadaen og juli
Søndag 14.

Skåtøy vise- og poesifestival
Mandag 8.

Abeidardiktar eller systemdiktar?
Tirsdag 2.

Tirsdag 2. Juli 2013

Abeidardiktar eller systemdiktar?

Eit nytt VAGANT: Ja, poeten Bjørn Aamodt gjekk bort for nokre år sidan, og det er framleis strid om ettermælet hans, dette slett ikkje ugunstig for diktinga. Iallfall publiserer Vagant opp att den nyleg avdøydde forskaren Atle Kittang sitt siste bidrag til tidsskriftet (nr 4/2007): Poeten Bjørn Aamodt og ettermælet hans .

Spørsmålet er om Aamodt var arbeidardiktar eller systemdiktar. Eg vil nok seie begge delar, og begge delar er faktisk sjeldsynte kvar for seg, i litteraturen vår, ikkje minst er det det i poesi-litteraturen.

Likevel vil eg leggje størst vekt på arbeidardiktinga, som er den lengre tradisjonen vi har i poesien. Systempoesien kjem mest inn i 1960-åra. På den andre sida vil eg gjerne gje kredit til dei som har sett alle dei systempoetiske innslaga hos Aamodt og forstått poeten sin store inspirasjon frå naturvitskapen, det er noko som sanneleg kan tyde noko i ei tid med overdimensjonert postmodernisme og med mange tilslørande intrigar og religionskrigar kring oljen. Det finst ein sterk samanheng mellom arbeidarrørsla og naturvitskapen, som ingen, korkje postmodernistane eller andre, skal gløyme eller prøve å sjå bort ifrå.   

Bjørn Aamodt: Her er ei lenke til eit Nytt i mai 2006 .



Ps: Atle Kittang har dominert litteraturforskinga. Når han skulle vurdere Bjørn Aamodts livsverk som poet, så brukte same Kittang heldigvis ikkje altfor mykje av sitt eldre og poetisk innsnevrande teoretiske verk Lyriske strukturer henta frå nykritikken sin norske periode. Eller kan ein kanskje tolke Atle Kittangs artikkel om nett Bjørn Aamodt i Vagant 4/2007 som eit forsøk på å redde stumpane av den mykje brukte læreboka Lyriske strukturer, og ikkje einast komme ein viktig elev av seg som Dag Haugstvedt til unnsetning - ?