Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Mai 2013

Eit bytte for lesbisk kjærleik?
Fredag 31.

entrevista
Mandag 27.

Munch-jubileum over landet
Tirsdag 21.

Nyttige Forfatterportalen
Onsdag 15.

Diktfronten
Mandag 13.

På de tusen favners hjerteråe dyp
Søndag 5.

Fredag 31. Mai 2013

Eit bytte for lesbisk kjærleik?

Hennes ansikt - er ei ny diktbok (ei tredje bok) av Kristin Berget. Alt frå første diktline i boka sorterer eg-personen ammunisjon etter kaliber. Og det held fram med våpen og krutslam og geværløp. Dei påfølgjande dikta peikar mot jaktbok og dette å leggje ned byttet. Og dette tekniske er her i dikta ei sak for sterke kjensler, det er aldri snakk om matauk eller mykje teori på profesjonelle jaktlisensar - det forstår ein snart under lesinga - men helst eit spørsmål om kor mye ein person har å væpne seg med... Her er eit av dei første høvesvis rolege jaktdikta i boka (side 16); og ”de” i avslutninga på diktet kan vere hjortedyra eller hundane:

Idet jeg våkner hører jeg hjortedyrene raute
ser etter spor i grålysningen

Når jeg slipper hundene løs
finner de dyresøvngropene

allerede forlatte men fortsatt varme
som om de vil tillate en hvile


Samtidig med våpenbruk er plassert mange poetiske bilete inne i marka sitt jaktmiljø. Her må det kanskje vere noko allegorisk på gang. Og tydeleg går forfattaren rett ut av det allegoriske, slik at det innimellom er snakk om parallelle soger, vanskeleg kjærleik eller brot, på den eine sida, og jaktterreng eller friluftsliv, på den andre sida. Mange spørsmål kan lesaren stille seg. Ei jakt utført aleine med elg som bytte? elgjakta går da føre seg i jaktlag? Dette som skjer i boka er iallfall ei verksemd i marka si einsemd iblanda både ”småvilt” og ”storvilt”.

”Det lesbiske strupehodet” står det (på ei eller anna side som eg kom til) i boka. Ein merkar i boka Kristin Bergets vilje til å prøve å snakke i klårtekst, denne klårteksten om lesbisk kjærleik (til dømes i eit tilbakeskodande dikt) er blanda grundig saman med ein høg-frekvent kjenslestraum... Ein viss viktig roman av D.H. Lawrence hugsar nok mange: ”Lady Chatterley's Lover”, romanen med ei engelsk frue som innlet seg med skogvaktar stasjonert i hytte inne i skogen for seg sjølv. Er Hennes ansikt i ferd med å bli ei ”Lady Chatterley” skrive for lesbiske si sak, der eg-personen i diktboka tar over noko av skogvaktaren si rolle?

Eg nemnde kjensler. Jakta i boka vil lesaren/dikta ofte jamføre med hemmeleg agent-framferd eller like gjerne med einsleg og frykta skoggangsmann. Og andletet som det er snakk om i tittelen, er ikkje offentleg identifiserbart eller namngjeve, men eit menneske med maske. Og boka blir fylt opp av fantasibilete og draumescener. Boka er skrive opp imot ei anna dame som skriv, eller vendt imot ei ”søster”, og dertil skrive opp imot det kjende diktet ”Todesfuge” av Paul Celan og såleis jamført med konsentrasjonsleirdikt, der ”svart melk” er både noko godt og noko vondt.

Alle ”ingrediensane” i boka er så godt som med alt frå første dikt i boka, det noterer ein etter kvart, og blir følgde opp stykkevis og delte. Vel, her er eit jaktdikt godt ute i boka (side 45), som vitnar om ei utvikling og mindre høgfrekvens og kanskje meire lause jakt-tråder:

I skumringen i ettermiddag ble det observert
Radioen varslet enogtjue takker

på vei innover høydedraget mot Bodaråsen
Vi kan ikke prate om massemordet

en ubrukelig størrelse
Jeg smører skoene inn med dyrefett

Lufter ytterklærne
Skogen venter


Kristin Berget tek på seg eit stort ansvar med forfattarskapet sitt, kjenner eg, men likevel gjev ho oss analysen av ei kaosverd, der ingen eller alle står til ansvar for dette kaoset. Forfattaren bruker omgrep som ”jakt” og ”bytte” om kjærleiken og gjer oss på det viset merksamme på vanlege kritikkverdige tilhøve klårt ute på heterofil arena og like gjerne andre tenkjelege moderne arenaer.

Og eg grip meg i farta i å lese ei kraftig avisoverskrift frå dagens abonnementsavis : ”Kvinnens jakt etter å vere sexy” på ein ny måte etter denne diktboka.