Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Mai 2013

Eit bytte for lesbisk kjærleik?
Fredag 31.

entrevista
Mandag 27.

Munch-jubileum over landet
Tirsdag 21.

Nyttige Forfatterportalen
Onsdag 15.

Diktfronten
Mandag 13.

På de tusen favners hjerteråe dyp
Søndag 5.

Mandag 27. Mai 2013

entrevista

CAFÉ SANAA , Marken 31, Bergen - laurdag 1. juni, kl 2100

Inngang kr 50,-
DANITZA OLEA (flamencodans)
GABRIELLA ESZTER SZABO (piano)
nettside
VIOLETA GAMEZ (fiolin)
NILS ARE DRØNEN (trommer)
ASBJØRN SUNDAL (perkusjon)
IVAR ORVEDAL (poesi, perkusjon, koordinator)


Eg reknar Orvedal som ein slags orkesterboss/impressario for dette, slik det f.eks var på tilsvarande måte i jazzens New York, i mørke buler, der orkesteret improviserte på velkjende populære låter om kjærleiksstrev -. Folkeleg er det også her i Bergen, med improvisasjon, her i entrevista sjølvsagt med mange kvinnelege instrumentalistar.

Teksten står Orvedal for, og ofte har konsertane han koordinerer, utgangspunkt i årstida eller, for så vidt, i tilfelle (ja, slik det også var for jazzen sin del). Om Bergen-konserten 1/6 fortel Ivar Orvedal via medfølgjande reklameskildring:
Eit spontant møte mellom Ungarn, Mexico, Argentina, Bergen, Sogn og Andalusia. Med inspirasjon frå Bela Bartók, flamenco, tango, salsa, jazz, poesi, impro - og fleire kjem kanskje til. Kan dette gå bra? Ordet «entrevista» er sett saman av «entre» (vere i blant) og «vista» (fram-toning) og tyder både samtale og inter-view. Både å snakke saman og undrande lytte. Og nett det er oppskrifta vår på denne musiske magiske medisinen. Kom og kjenn korleis kreftene kjem attende!

Ps:
Audun Humberset med ny pianotrio varmar opp frå kl. 20.00!