Heim > Nytt | 2018 2017 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 |
Nytt Mai 2013
Eit bytte for lesbisk kjærleik?
Fredag 31.
entrevista
Mandag 27.
Munch-jubileum over landet
Tirsdag 21.
Nyttige Forfatterportalen
Onsdag 15.
Diktfronten
Mandag 13.
På de tusen favners hjerteråe dyp
Søndag 5.
Tirsdag 21. Mai 2013
Munch-jubileum over landet
Rett før pinsehelga sette inn, starta Edvard Munch-jubileet sin Kragerø-innsats opp, med m.a Kverneland si utstilling av ein del av Edvard Munch-teikneserien sin. Serien byggjer på presise sitat av den vidkjende målaren. Edvard Munch har sett merke etter seg på fleire mindre plassar rundt Oslofjorden. Og alle desse er med på 150-årsjubileet for kunstnaren sin fødsel... I Kragerø? Munch slo seg ned i Kragerø, på Skrubben, for ein periode frå 1909 av. Han var også, som kjend, mange ulike periodar i Åsgårdstrand, han var i Vestby (Hvitsten), han var i Fredrikstad, blei født i Løten, kom som liten på sommarstid til Vågå på grunn av familie, han var kunstnar i Moss. Men oppheldt seg mykje i Oslo og etter kvart i det store atelieret på Ekely. Edvard Munch var godt med på inter-nasjonale miljø i Tyskland og Paris.
Her er lokalavisa si skildring av det som skjedde laurdag i og utafor galleri Nicoline .
Fylkesavisa ta hadde denne samla rapporten frå opningsdagen .
Før Edvard Munch byrja å måle på bileta sine, formulerte han ofte ein tekst, slik som denne biletteksten under frå 1892, gjengitt som dikt i den store antologien MODERNE NORSK LYRIKK Frie vers 1890-1980:
Edvard Munch var utstyrt med mykje inspirasjon og kunne også vere både fargerik og frispråkleg, slik som her i tekst som uttrykte eit oppgjer med bohemen .

”Fortvilelse”
Jeg gik bortover
veien med to
venner – så gik
solen ned
Himmelen ble
pludseli blodi rø
Jeg standset, lænet
mig til gjæret træt
til døden – over den
blåsorte fjor og by
lå blod av ildstunger
Mine venner gik
videre og jeg sto
igjen skjælvende
af angest –
og jeg følte det
store uendelige
skrig gennem
naturen
Edvard Munch var utstyrt med mykje inspirasjon og kunne også vere både fargerik og frispråkleg, slik som her i tekst som uttrykte eit oppgjer med bohemen .