|
Samla Schwitters-utgaave
Lørdag 25. Juni 2005 |
|
|
Mai 2005 er trykt i Tyskland ei samla utgaave av Kurt Schwitters dikt, pocket-utgaave, men ikkje smal, og faktisk samla litteräre verk i 5 band. Eg fann dette her i Berlin og maa skrive utan «bolle-aa» enn saa lenge. Das literarische Werk, heiter det om Schwitters. Utgjevaren reknar om lag ein firedel av Kurt Schwitters sine dikt som «konkrete dikt», og han bruker da ein heller streng definisjon, for aa uttrykkje det heilt enkelt. Forlaget er Deutscher Taschenbuch Verlag. Bökene til K S blei brende i Tyskland fraa 1934, og han budde ogsaa i Noreg nokre aar, 1935-1940, för han flykta vidare for Gestapo i aprildagen 1940 og vidare nordover og deretter over til England. I Noreg er Schwitters aller mest kjend som målar og collage-kunstnar. Han var ein sann multikunstnar. Dette berre ei opplysning om samla verk-utgaave, som eg trur sikkert kan skaffast også i Noreg, t.d hos/gjennom Norli.
PS: Berlin er paa alle maatar ein sjarmerande by. (Eg reparerer tilhövet mitt til Tyskland.)
|
|
|
|
|
|